Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Register og biobank

Registera har som hovudmålsetning å kvalitetssikre utgreiing, diagnostikk, behandling og oppfølging , samt danne grunnlag for forskingsaktivitet.

Kvalitetsregister for spiseforstyrringar og biobank ved Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen.

For at behandlingstilbodet til pasientar med spiseforstyrringar skal bli best mogleg, er det behov for betre kunnskap om heile pasientgruppa. Formålet med kvalitetsregisteret er å sikre at behandlinga som blir gitt ved Regional avdeling spiseforstyrringar er av god kvalitet ved at ein får dokumentert og evaluert behandlinga som blir gitt.  

Kvalitetsregister og/eller biobank vil også, med samtykke fra pasient, brukast til forsking på spiseforstyrringar og behandling av desse lidingane, som igjen kan danne grunnlag for eit betre behandlingstilbod i framtida. Det er frivillig å delta. Dersom pasientar vel å ikkje delta treng dei ikkje oppgi grunn, og dette får heller ingen konsekvensar for dei verken no eller i framtida. Behandlingstilbodet er det same uavhengig om ein gjev samtykke eller ikkje. 

Register og biobank vil inkludere helseopplysningar, svar frå spørreskjema pasientar har fylt ut og ev. blodprøver frå alle pasientar som gjev informert samtykke og som møter til minst èin time ved Regional avdeling spiseforstyrringar, inkludert døgn og poliklinikk. 

​Vi planlegg å bruke data fra samtykkebasert register for å undersøke om traumehistorikk påverkar behandlingsutfall av behandling for spiseforstyrring. Vi planlegg å undersøke dette frå haus 2023. Registrerte har moglegheit til å trekke seg ved å ta kontakt med registeransvarleg ved Regional avdeling spiseforstyrringar, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen, telefon  55 97 68 20 

Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrrelser - NORSPIS - Nordlandssykehuset HF

 

NORSPIS – Viktig informasjon om overgang til reservasjonsløysing

Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseproblem (NORSPIS) melder at tysdag 24. juni går NORSPIS over frå å vere samtykkebasert til å vere reservasjonsbasert.

Dette betyr at du som pasient ikkje treng å samtykke for å delta i NORSPIS, men du må reservere deg på Helsenorge.no dersom du ikkje ønskjer å delta.

Slik reserverer du deg:

Reservere deg på Helsenorge: Logg inn på www.helsenorge.no, trykk på ditt eige namn → Profil og innstillingar → Personverninnstillingar. Trykk på knappen «Endre innstillingar» under «Forsking, screening og helseregister». Vel «Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseproblem (NORSPIS)», trykk på «Reservasjon mot lagring av personopplysningar i NORSPIS». Kryss av og trykk «Eg reserverer meg».

Eller:

Ta kontakt med NORSPIS, så gjer vi reservasjonen for deg. Du vil få ei skriftleg stadfesting på at du har reservert deg.


For meir informasjon, gå til nettsida norspis.no.

 

Samtykkeskjema ifbm deltakelse i Register for spiseforstyrrelser og biobank ved Regional avdeling spiseforstyrringar

For å trekke tilbake samtykke, kan registeransvarlig ved Regional avdeling Spiseforstyrringartlf 55976820, kontaktes. Materiale og data som har fremkommet og eventuelt er publisert i vitenskapelige arbeider, kan imidlertid ikke kreves destruert/slettet. Du kan henvende deg til Datatilsynet eller Statens helsetilsyn ved avvik. 

 

Sist oppdatert 14.07.2025