Kva er FASIT?
Gjennom FASIT får pasienten eit individuelt treningstilbod med personleg oppfølging frå ein av treningsterapeutane i Energiteamet. Treningsperioden varer vanlegvis i 5 veker. Tilbodet kan òg forlengast dersom det er føremålstenleg og vi har kapasitet til det.
I forkant av FASIT blir det halde ein oppstartssamtale der individuelle mål for forløpet blir sett. Målsetjingane tek utgangspunkt i:
- Å bli (meir) fysisk aktiv
- Bli trygg nok til å delta i TAG (der det er aktuelt) og ordinær/tilrettelagt idrett/aktivitet i nærmiljø
- Symptomlette
- Betra funksjonsnivå
Treningsperioden blir avslutta med ein samtale for oppsummering og avklaring av vegen vidare.
Kvifor FASIT?
I samarbeid med pasient, pårørande og behandlar gir tilbodet høve til å tilby eit alternativ til barn og unge som ikkje klarer å nyttiggjere seg dei gruppebaserte behandlingsprogramma eller som har behov for tettare oppfølging i forkant av gruppedeltaking.
Kven kan delta?
Tilbodet er for pasientar tilknytt Psykisk helsevern for Barn og Unge (PBU) i Helse Bergen. Barn og ungdom opp til 18 år kan bli tilvist til FASIT. Inklusjonskriterium er lågt aktivitetsnivå og symptom på ei psykisk liding.
Tilbodet er tilgjengeleg når Energiteamet PBU har kapasitet ved sida av dei faste gruppeprogramma.
Korleis får eg FASIT?
Behandlarar i PBU kan tilvise til FASIT.
