Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe hoppende og glade ungdommer

TAG

Trygg, Aktiv, Glad (TAG) er eit behandlingsprogram som har som mål å gjere deltakarane meir trygge, aktive og glade gjennom variert fysisk aktivitet. Tilbodet er organisert med to treningar per veke i sju veker. I TAG har vi fokus på tryggleik, meistring, eksponering og tilrettelegging. Vi tilbyr mellom anna ulike aktivitetar i gymsal, klatring, basseng og friluft.

Kva er TAG?

TAG er eit program som er ope for deg som har kontakt med Psykisk helsevern for Barn og Unge (PBU) i Helse Bergen. Det er tre ting som avgjer om du kan delta.

Så lenge fysisk aktivitet ikkje er helseskadeleg, eller gruppeterapi ikkje er uegna for deg, kan du delta. Ved tvil blir dette drøfta og avklart mellom din primærbehandlar ved PBU og Energiteamet. For å delta må du også takke ja til deltaking i forsking.

Kven kan delta?

Er du pasient i PBU, anten ved ein BUP eller på ei sengepost, kan du drøfte med primærbehandlaren din om å bli tilvist til TAG. Det er primærbehandlaren din ved BUP eller sengeposten som sender tilvisinga om TAG til Energiteamet.

TAG har som mål å gjere barn og unge tryggare, skape meistringsopplevingar, bidra til auka aktivitet og livskvalitet og betre symptom på angst og depresjon – utover det dei oppnår gjennom behandlinga dei allereie får i PBU.

TAG er delt inn i tre trinn:
 
Trinn 1: Fokus på tryggleik, relasjon og rørsleglede
  • Startar med ei oppstartssamtale.
  • Deretter aktivitetar som gir ein trygg start og legg vekt på rørsle og balanse.

Trinn 2: Fokus på treningseffekt og medvitsgjering av fysiologiske reaksjonar ved fysisk aktivitet

Inneheld ulike aktivitetsøkter:

  • Løp og leik
  • Styrkeleik
  • Ballsidighet
  • Bassengaktivitet
  • Klatring

Trinn 3: Fokus på sjølvstende og vegen vidare etter TAG

Deltakarane får velje aktivitetar sjølve. Siste trening i TAG er friluftsakitivitet.Programmet endar med ei avsluttande samtale og mål om å kome ut til eit aktivt liv i nærmiljøet.

Grafisk brukergrensesnitt
Slik er programmet i TAG organisert

Delta i forsking

Det pågår forsking på TAG. Som deltagar får du høve til å vere ein del av dette. Når du deltek i TAG bidreg du òg til forskinga som skal hjelpe oss å utvikle endå betre tilbod for barn og unge.

Formålet med forskingsprosjektet er å finne ut om det å delta i TAG fører til at barn og unge får større utbytte av den øvrige behandlinga dei får, og om dei oppnår raskare tilfrisking. Ein føresetnad for å delta i TAG er at ein òg deltek i forskinga, men det er sjølvsagt frivillig om ein ønskjer å vere med.

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Psykisk helsevern for Barn og Unge (PBU), Helse Bergen og Regionalt kompetansesenter for barn og unge, NORCE Research.

TAG-treningane skjer på dagtid, og som deltakar må du ta fri frå skulen. Gruppene går måndagar og onsdagar på desse tidene:

Kl. 09.30–10.30: 8–10 år

Kl. 12.30–13.30: 11–13 år

Kl. 14.00–15.00: 14–17 år

Du kan bli tilvist til TAG gjennom heile året, medan gruppene startar fire gonger i året.

 

Sist oppdatert 04.02.2026