Kva er VoV?
VoV er for barn og ungdom med psykiske plager eller lidingar, som har låg meistringstru, er i lite fysisk aktivitet eller treng hjelp til å finne eigna aktivitetstilbod. Programmet rettar seg mot dei som har nysgjerrigheit for å utforske eigne interesser, og som ønskjer å oppleve meistring og tryggleik i aktivitet.
Korleis delta?
Deltaking i VoV skjer gjennom tilvising fra din behandler i PBU/BUP til Energiteamet. Når tilvisinga er sendt frå behandlaren din eller ein samarbeidspartnar, startar prosessen med ein oppstartssamtale. Her kartlegg vi motivasjon, interesser og eventuelle behov for tilrettelegging slik at vi kan skape eit trygt og godt tilbod for deg.
Etter oppstartssamtalen deltek du i VoV-programmet, som består av to aktivitetsdagar på Energisenteret kombinert med samtalar. Dette gir deg høve til å prøve ulike aktivitetar og oppleve meistring i eit støttande miljø. Når programmet er gjennomført har vi ein avsluttande samtale der vi saman ser på forslag til vidare aktivitetar og eventuelt oppfølging. Dersom du ønskjer det, kan ein energikonsulent bidra til ein trygg overgang til idrett eller fritidsaktivitet slik at du får gode rammer for å halde fram med fysisk aktivitet.
