Metoden, Dialogbasert tidleg oppdaging (DBTO), er utvikla av overlege og professor Ingvar Bjelland i nært samarbeid med i alt åtte ulike barnehagar.
I forskingsprosjektet deltar 22 barnehagar, der halvparten er trekt ut (randomisert) til å bruke DBTO, medan resten gjennomfører foreldresamtalane som før. Ved hjelp av spørsmålskjema som både foreldre og barnehagelærar fyller ut, får vi inn informasjon om korleis DBTO fungerer dei tre siste åra barnet går i barnehagen.
Vi ønsker å få svar på:
- Kor god metoden er samanlikna med ein annan screeningmetode
- Kor brukarvennleg og robust metoden er
- Korleis metoden påverkar tidspunkt for igangsetting av tiltak for enkeltbarn
- Korleis metoden påverkar utviklinga av den psykiske helsen hos barn
Kontaktinformasjon:
Forskingseining for helseundersøkingar (FHU) er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Universitetet i Bergen og har ansvar for utsending og mottak av dei digitale spørjeskjemaa i prosjektet, og dessutan lagring av data på forskingsserveren.
For praktisk informasjon rundt spørjeskjema / deltaking:
Prosjektleiar Ingvar Bjelland kan kontaktast på: