Forskingsprosjekt

PRO-DIALOG

«PROmoting mental health in young children - a DIALOGue based approach in kindergartens» er eit forskingsprosjekt som skal evaluere ein heilt ny metode for å ha fokus på moglege psykiske vanskar hos barnehagebarn.

Metoden, Dialogbasert tidleg oppdaging, er utvikla av overlege og professor Ingvar Bjelland i nært samarbeid med fire sjukehusbarnehagar (Helse Bergen) og fire kommunale barnehagar (Bergen kommune). 

Vi ønsker å få svar på:

  1. Kor god metoden er samanlikna med ein annan screeningmetode
  2. Kor brukarvennleg og robust metoden er
  3. Korleis metoden påverkar tidspunkt for igangsetting av tiltak for enkeltbarn
  4. Korleis metoden påverkar utviklinga av den psykiske helsen hos barn.

Prosjekteigar: 

Helse Bergen ved direktør for Divisjon psykisk helsevern, Hans Olav Instefjord

Prosjektleiar: 

Overlege og professor Ingvar Bjelland


Visuell fremstilling av prosjektorganisering: Prosjektgruppe, interessentgruppe, samarbeidspartnere. Grafikk

Klikk på bildet for større versjon

Prosjektet er godkjent av Regional komite for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK vest): Søknadsnummer: 151749

Sist oppdatert 08.08.2024