Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri

Kompetansesenteret har ansvar for forsking, fagutvikling og undervisning innanfor fagfelta sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri i Helse Vest. Senteret består av personar med bakgrunn frå blant anna fagområde som psykiatri, psykologi, sjukepleie og juss. Kompetansesenteret er ein del av eit internasjonalt forskingsmiljø, og arrangerer jamnleg konferansar innan aktuelle fagområde.

Sikkerhetspsykiatri er fagfeltet som sørgjer for utgreiing og behandling av pasientar som har alvorleg sinnsliding og samtidig svært aggressiv eller valdeleg åtferd, og som oftast får døgninnlegging i dei regionale eller lokale sikkerhetspsykiatriske avdelingane i Noreg. Pasientane kan vere til betydeleg fare for andre eller seg sjølv, og krev oftast meir omfattande diagnostikk, behandling og tryggare utskriving og oppfølging enn det allmennpsykiatrien tilbyr.

Fengselspsykiatri er eit fagfelt som gir eit psykisk helsevernstilbod til innsette i fengsel og forvaringsanstaltar. Det er ein betydeleg forhøgd førekomst av psykiske lidingar blant innsette, og eit fengselspsykiatrisk tenestetilbod har som formål å tilby tilpassa psykiatrisk helseteneste til innsette.

Rettspsykiatri er eit fagfelt som omhandlar psykiatrisk og psykologisk kunnskap nytta i tenesta til strafferettspleia. Spesialistar i psykiatri og psykologi kan utnemnast av retten for å vurdere om ein person som er tiltalt i ei straffesak hadde ein sterkt avvikande sinnstilstand, sterk medvitsforstyrring eller høygradig psykisk utviklingshemming på tida for ei straffbar handling (strl. § 20, jf §§ 62, 63).

 

 

 

 

Kontakt

Postadresse

Klinikk Sikkerhetspsykiatri

Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri

Sandviksleitet 1

Bygg 2, Inngang B, 3etg

5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sandviken Sykehus
Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Bygg 2, Inngang B, 3. etasje.

Følg skilt til "Kompetansesenter"

Verktøy og undervisning

Kompetansesenteret har rettigheter til en rekke verktøy for å kunne gjennomføre risikovurderinger innen flere problemområder. Her i Helse Vest forvalter kompetansesenteret i de manualer og fremgangsmåter som støtter seg på vurderionger som er strukturerte og faglig forankret. Som HCR-20v3 og AVRT.

Her finner du også informasjon om hvor du kan bestille manualer og hvem du kan spørre om hjelp.

Kobling til SIFER verktøy
En person som leser en bok