Jobb hos oss ved Regional sikkerheitspost

Vi gir tilbod til menneske med alvorlege sinnslidingar som kan vere til fare for andres liv og helse, eller er for ressurskrevjande for det ordinære helsevesenet.

Kven arbeider på Regional sikkerheitsavdeling?  

Her jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har også vår eigen ergoterapeut og sosionom. Vi er i sum over 100 tilsette, og det er like mange kvinner som menn som jobbar her. Seksjonsleiinga vår består av ein seksjonsleiar og to assisterande seksjonsleiarar. Behandlargruppa vår består av ein avdelingsoverlege, psykiatrar og psykologspesialistar, nokre gonger også lege i spesialisering og/eller psykolog.   

Kor held vi til?  

Regional sikkerheit er ein del av Klinikk Sikkerhetspsykiatri og er plassert i eit bygg rett bak Sandviken sjukehus i 1. etasje i bygg 21. Vi deler bygg med Lokal Sikkerhetsavdeling og Sikkerhetspoliklinikken.   

Kva slags pasientar behandlar vi? Og korleis?    

Vi gir tilbod til menneske med alvorlege sinnslidingar som kan vere til fare for andres liv og helse, eller er for ressurskrevjande for det ordinære helsevesenet. Hovudfokuset er å gjere pasientane i stand til å få behandling på eit lågare omsorgsnivå, og å redusere åtferdsavvik, i særleg grad åtferd som er farleg overfor andre. Vi gjennomfører også judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosessloven § 167. Våre pasientar er enten innlagde på tvungen observasjon eller tvunge psykisk helsevern etter § 3.3/3.2 i lov om psykisk helsevern, eller på dom til behandling etter § 5.2.   

Hos oss får pasientane medisinsk og miljøterapeutisk behandling. Vi har eit høgt omsorgsnivå, og kan ha inneliggande pasientar som ikkje kan gjennomføre aktivitetar utanfor avdelinga. Derfor har vi eit aktivitetstilbod på klinikken med gymsal, treningsrom, rom for ergoterapi, treningskjøkken med meir.   

Korleis organiserer vi arbeidet?    

Avdelinga vår er fordelt på tre postar som ovanfrå ser ut som eit kryss. Kva post pasientane har rom på, er avhengig av tilstanden og omsorgsbehovet deira. Behandlarane har det faglege ansvaret for pasientane. Alle pasientane har også ei tverrfagleg primærgruppe beståande av behandlar, miljøpersonell, ergoterapeut og sosionom. Alle pasientane får eit individuelt behandlingsopplegg og høve til å delta på ulike aktivitetar, etter vekefaste risikovurderingar.  

Vi fordelar miljøpersonale på ulike roller. Ein sjukepleiar eller vernepleiar har rolla som ansvarsvakt på kvar post, og to tilsette har rolla som alarmvakter og skal rykke ut på aktuelle risikosituasjonar saman med ansvarsvakta. I tillegg til dette er ansvar for blant anna kjøkken og måltid, og gangvakt fordelt. Seksjonsleiinga har ansvaret for den daglege drifta av avdelinga.  

Korleis er arbeidsmiljøet?    

Sidan vi jobbar med ei utfordrande pasientgruppe, er det viktig for oss å ha ein open dialog internt i personalgruppa. Vi jobbar i team og er opptatte av å spele kvarandre gode, samtidig som vi skal vareta kvarandre under eller etter vanskelege situasjonar. Openheita speglar seg av når vi har gode diskusjonar rundt eit vanskeleg tema. Her er det mogleg å diskutere vanskelege situasjonar både med kollegaer, behandlarar og seksjonsleiinga. For å kunne gjere ein god jobb, er trivsel viktig. Vi har derfor engasjerte tilsette som har ansvar for kollegastøtteordninga.
I tillegg har vi grundig opplæring for alle nytilsette, med både teoretisk gjennomgang og opplæring i avdelinga. For nytilsette kan det også vere ein tryggleik å ha ein kollega som fadder den første tida.  
 

Seksjonsleiinga og tilsette har eit godt samarbeid med tillitsvalde til avdelinga og vernetenesta.     

Korleis er arbeidstida (vakt/turnus/kor mange på kvart skift)?    

Hos oss jobbar vi todelt turnus med formiddagsvakter frå kl. 07.00 til 15.00. Ettermiddagsvaktene er enten frå kl. 14.30 eller 13.30 og fram til 21.45. Kvar ettermiddag er det også ein tilsett som han vakt fram til kl. 23.00. Nattevaktene vårast jobbar frå kl. 21.15 til 07.15. Seksjonsleiinga vurderer kor mange som skal vere på jobb til kvar tid, Dette varierer etter talet på pasientar og tilstanden deira. På formiddag og ettermiddagar kan vi vere alt frå 8 til 12 på jobb og på natt frå 6 til 8 tilsette på vakt.   

Kva avdelingar samarbeider vi med?    

Regional sikkerheitspost samarbeider med dei lokale sikkerheitspostane i Helseregion Vest og med psykiatrisk klinikk i Helse Bergen. Vi samarbeider også med politiet og rettsvesenet og har eit kompetansesenter som driv med forsking, fagutvikling og undervisning.  

Kva er typiske arbeidsoppgåver for dei ulike yrkesgruppene?    

Hos oss er sjukepleiarar og vernepleiarars arbeidsoppgåver likestilte. Dei deltar i det miljøterapeutiske arbeidet, planlegg og følger opp behandlingsmål og koordinerer arbeidet i samspel med behandlarane. Som fagpersonell hos oss har ein også dispensasjon til å skrive hastevedtak etter ei hending. Sjukepleiarar og vernepleiarar skal følge opp behandlingsplan til pasienten og gjennomføre medisinering etter forordning frå lege og gjeldande retningslinjer. Det er berre sjukepleiarar og vernepleiarar som kan gå ansvarsvakter og vere primærgruppeleiarar, men andre ansvarsfordelingar blir fordelte på kvart vaktskift.  

Kva blir du god til dersom du arbeider her?    

Hos oss blir du god på kliniske observasjonar, kommunikasjonsferdigheiter, relasjonsbygging, miljøterapi og valdsrisiko vurderingar. Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk.   

Vi bruker mykje tid på og bli godt kjente med pasientane våre og på å skape eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 

 

Sist oppdatert 21.10.2024