Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tettare samarbeid mellom psykisk helsevern og rusmedisin

50 prosent av mennesker med alvorlege psykiske vanskar har samtidig rusmiddelproblematikk, og 70-90 prosent av menneske med rusmiddelproblematikk – og avhengigheit har samtidig psykiske vanskar. Korleis kan eit tettare samarbeid mellom psykisk helsevern og rus bidra til eit betre og meir samanhengande behandlingstilbod for desse pasientane?

bildecollage av 5 ansikter
Dette spørsmålet var utgangspunktet for at Helse Bergen i 2019 sette i gang eit arbeid for å sjå på korleis ein best mogleg kan integrere psykisk helsevern og rusmedisin, når det overordna målet er eit betre og meir samanhengande behandlingstilbod for pasientane. Utgangspunktet for prosjektet «Fagleg integrasjon mellom psykisk helsevern og rusmedisin» er at eit tettare samarbeid må vere pasientretta og fagleg. Spørsmålet om kva integrasjon kan bidra med i eit pasientperspektiv, ligg til grunn for arbeidet.

 
Mykje godt samarbeid mellom psykisk helsevern og rusmedisin eksisterer allereie, i ulike former. Prosjektarbeidet i 2019 munna ut i ein rapport som foreslo fem tiltak som  kan vidareutvikle samarbeidet mellom psykisk helsevern og rusmedisin til beste for pasientane.

Dette er dei 5 tiltaka:

  • Felles kompetansebygging og arenaer for samhandling
  • Sektorisering av tenestetilbodet
  • Etablere felles ambulante team
  • Styrke gjennomføringa av RoP-forløpet 
  • Etablere eit nytt felles døgntilbod for RoP-pasientar
Innføring av desse tiltaka vert jobba vidare med i eit nytt prosjekt, som starta i 2020, der også dei private ideelle aktørane innan rus og psykisk helsevern er med. Likeverdige tenester skal sikrast gjennom tett samarbeid.

  


 Desse er med i prosjektet:

  • Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
  • Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
  • Betanien DPS
  • Solli DPS
  • Voss DPS NKS Bjørkeli
Styringsgruppa blir leia av Randi-Luise Møgster, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.
Sist oppdatert 11.04.2023