Mammografiprogrammet på Danmarksplass

Mammografiscreening foregår i nye lokaler ved Danmarksplass. Brystdiagnostisk senter (BDS) har ansvar for det offentlege mammografiprogrammet i Hordaland i regi av Kreftregisteret.

Kvinner mellom 50 og 69 år vert kvart anna år inviterte til røntgenundersøking av brysta i regi av det offentlege Mammografiprogrammet.

Mammografiprogrammet har eksistert som offentleg screeningprogram i 20 år. Føremålet er å redusere dødelegheita av brystkreft og å oppdage tilfelle av brystkreft i eit tidleg stadium, slik at behandlinga vert så skånsom som mogeleg.

Brystkreft er kreftforma som rammar flest kvinner. 3415 kvinner i Noreg fekk brystkreft i 2015.  


Les meir om Mammografiprogrammet på Kreftregisterets nettsider. 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du møter opp i våre lokaler på Danmarksplass, Solheimsgaten 23 B 


Besøkstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 07:30 - 21:00
  • Tysdag 07:30 - 21:00
  • Onsdag 07:30 - 21:00
  • Torsdag 07:30 - 21:00
  • Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Mammografiscreening

Alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år vil få ein invitasjon til mammografiundersøking annakvart år.
Les mer om mammografiscreening
undersøking.foto