En drage med vinger

Senter for medisinsk visualisering

Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen etablerer våren 2017 Senter for Medisinsk visualisering med støtte frå Bergens Forskningsstiftelse (BFS).

Senteret skal styrka kompetanse og forsking knytt til dei allereie store utstyrsinvesteringane frå Bergens forskningsstiftelse, slik som høgfelts magnettomografi (MRI), klinisk og preklinisk positronemisjonstomografi (PET) og computer tomografi (CT). Med vekt på å knyta realfagleg kompetanse i senteret er det overordna, langsiktige målet å oppnå fagleg eksellense innanfor retningane imaging (fysikk, kjemi, radiologi, radiografi), visualisering (informatikk, matematikk) og klinisk forsking (inklusive in vivo basalforsking og preklinisk validering).

Den faglege målsetjinga til senteret er å forska på nye metodar innan kvantitativ avbilding og interaktiv visualisering for å varsla endringar hjå friske og sjuke menneske.

Forskingsmetodane vil ha ei særleg vekt på vevseigenskapar (features)

Feature detection – Feature extraction – Feature prediction

Bildediagnostikk hjerne.
 
Grafer
 
Bildediagnostikk hjerne

Eit klart mål er å nytta metodane på bilete frå viktige og aktuelle pasientgrupper og innan basalforsking, og om mogleg studere desse over tid. Det er ynskjeleg å samla medisinske bilete med all anna informasjon, til dømes frå genetikk, klinikk og registre for å få auka innsyn.

Avansert visualisering vil vera eit naturleg og viktig bidrag til å løfte kvar av desse metodane. Det vil gjere det mogleg å få auka innsikt i desse data, korleis dei endrar seg og korleis menneske oppfattar dei. Det vil opna for heilt nye høve til å integrera data med ulik skalering, noko som har vore ei klar hindring i feltet til no.

Dei tre hovudprosjekta som vann konkurransen om prosjektmiddel handlar om maskinlæring, kreft i det kvinnelege bekken og interaktiv visualisering, og vil vere satsingsområde for senteret framover.

Les meir om dei ulike prosjekta

Maskinlæring

Kreft i det kvinnelege bekken

Interaktiv visualisering

Oppmøtestad
Sentralblokka, 0.etasje
Radiologisk avdeling

Telefon
Telefon: 55 97 00 74

Epost
Visualiseringssenteret@helse-bergen.no

Senterleiar
Renate Grüner,
Radiologisk avdeling

 

Visit Mohn Medical Imaging and Visualization Centre

Visit us on facebook

Nyheiter

    Sist oppdatert 20.08.2021