CFS / ME - Rehabiliteringsprogram

Poliklinisk rehabiliteringsprogram for vaksne med CFS/ME. Individretta tilbod i gruppe.

Tilbodet består av åtte undervisingsdagar og ein individuell oppfølging.
Undervisinga dekkar område som har vist seg å ha betydning for rehabilitering av personar med CFS/ME. Tema for undervising er:

  • Korleis forstå utmattelse
  • Søvn og ernæring
  • Kroppsbevisstheit, avspenning og aktivitet.
  • Aktivitetsavpassing i kvardagen – balanse og variasjon, vekt på kartlegging
  • Mentale strategiar
  • Rettar og velferdtilbod
  • Vegen vidare, oppsummering og evaluering av kurset. ​

Ein legg vekt på erfaringsutveksling mellom deltakarar, utvikling av verktøy til meistring av kvardagen og vidare arbeid med eigen rehabiliteringsplan. 

Du får ei arbeidsmappe med skriftleg materiale og enkle heimeoppgåver som kan hjelpe deg å hugse det du lærer i rehabiliteringsprogrammet.

Etter endt undervisingsblokk vil deltakarane få time til oppsummeringssamtale hos ein av fagpersonane i CFS/ME-teamet der lege og er med. I samtalen vil vidare forløp bli tatt opp.

Pårørandesamling

Pårørande som vil delta på pårørandesamling melder seg på via navnet på pasient. Meld fra kva relasjon du har til pasienten. Pårørandesamlinga er retta mot vaksne pårørande.

Har du spørsmål, kan du henvende deg til:
Avdeling: Fysikalsk medisin og rehabilitering – CFS/ME poliklinikken
Telefon: 55 91 85 00

Sist oppdatert 06.07.2023