Tid og stad
- Når
-
- 15. feb. 2027, 08:30 - 16:00
- 16. feb. 2027, 08:15 - 16:00
Påmelding
Dag 1: pris kr 1150 (inkluderer kaffi/te, frukt og ein enkel lunsj)
Dag 2: pris kr 1800 (inkluderer kaffi/te, frukt og ein enkel lunsj)
Bindande påmelding innan 01.12.26
Om kursa
Føredragshaldarane vil vere dei belgiske fysioterapeutane Geert Verheyden og Marc Michielsen - to internasjonalt anerkjende kurshaldarar med lang klinisk erfaring og forskingskompetanse. Kursa har som mål å gje deltakarane grundig kunnskap, idear til praksis gjennom demonstrasjonar, og praktiske ferdigheiter for effektive rehabiliteringstiltak. Dag 1 er øktene retta mot teori og forståing av behandling, samt to pasientdemonstrasjonar. Dag 2 fokuserer øktene på vidare teori, samt klinisk praksis for rehabilitering av overekstremiteten. Kursa vil egne seg både for terapeutar som arbeidar med pasientar i tidleg og sein fase etter skade. Ein vil få god innføring i faglege retningslinjer og forsking samt overføring til klinisk arbeid. For ytterlegare informasjon om kurshaldarar, detaljert program samt anbefalt litteratur, sjå under.
Ein må melde seg på kursa separat. Det vil vere eit avgrensa tal på plassar dag 2, då ein her skal arbeide praktisk på kvarandre. Undervisninga blir på engelsk. Deltaking på dag to forutset deltaking på dag ein av kurset. Begge kurs er førehandsgodkjent med 7 timer kvar i samband med søknad om spesialist i Norsk Fysioterapeutforbund. Ergoterapeutar må søke om godkjenning av timar i etterkant.
Informasjon om føredragshaldarar
Prof. Geert Verheyden, KU Leuven (Belgia), forskingsleiar for slagrehabilitering
Geert Verheyden er utdanna fysioterapeut og har spesialisert seg innan nevromotorisk rehabilitering (KU Leuven).
Han arbeidde klinisk i Tyskland før han starta doktorgradsarbeidet sitt om vanskar med truncus/bol kontroll etter hjerneslag (KU Leuven, 2006). Han har vore leier for forskingsteamet for slagrehabilitering ved Institutt for rehabiliteringsvitskap ved Ku Leuven sidan 2011. Han vart professor i 2021, og har sidan 2022 vore programleiar for bachelor- og masterprogrammet i rehabiliteringsvitskap og fysioterapi.
Geert er medlem av styret i International Stroke Recovery and Rehabilitation Alliance (ISRRA), og arbeider med å utvikle standardar innan forsking på gjenoppretting etter hjerneslag og rehabilitering, mellom anna gjennom ISRRA Roundtables.
Marc Michielsen, Jessa sjukehus, campus St. Ursula (Belgia), leiar for paramedisinske tenester, IBITA avansert instruktør
Marc Michielsen er utdanna fysioterapeut og har gjennom heile karrieren arbeida med pasientar med erverva hjerneskade. Sidan 2008 har han vore leiar for paramedisinske tenester ved RevaHerk, rehabiliteringssenteret ved Jessa sjukehus i Hasselt/Herk-de-Stad, Belgia. Han har ei særleg interesse for rehabilitering av overekstremitetar og spelte ei sentral rolle i utviklinga av Arm Hand Boost-terapi. Marc har vore godkjend IBITA-instruktør for grunnkurs sidan 2005 og avansert instruktør sidan 2015. Som leiar for utdanningskomiteen i IBITA har han bidrege til utviklinga av modellen for Bobath klinisk praksis og den reviderte definisjonen av Bobath-konseptet. Han er i dag leiar for IBITA.