Erfaring fra fysikalsk medisin, rehabilitering eller habilitering
Pasient eller pårørandeerfaring frå fysikalsk medisin, rehabilitering eller habilitering? ReHabiliteringsklinikken bygger nytt på Nordås – vil du være med å utvikle tilbud og tjenester hos oss?
På nyåret skal vi opprette brukerpanel ved ReHabiliteringsklikken. Er du engasjert og har ei meining om oss og pasienttilbodet vårt ønskjer vi at du les vidare!
Om oss:
ReHabiliteringsklinikken sitt tilbod gjeld både fysikalsk medisin, rehabilitering og habilitering for vaksne. ReHabiliteringsklinikken er i dag lokalisert på Breistein og Nordås, men vil i framtida vere samlokalisert på Nordås
Vi har 33 døgnplassar og eit variert poliklinisk tilbod.
Sjå meir om oss og dei ulike tilboda våre her:
ReHabiliteringsklinikken - Helse Bergen (helse-bergen.no).
Tilboda våre er i stadig utvikling og vi ønsker oss eit brukerpanel for å jobbe enno betre med tenesteutvikling.
Vi ønskjer kontakt med deg som
- liker å tenke nytt
- har interesse og engasjement for fysikalsk medisin, rehabilitering eller habilitering
- er noverande/tidlegare pasient eller pårørande hos oss
- liker å delta i møter og diskusjonar
Om brukerpanelet
Som medlem i brukerpanelet vil du ha ei viktig stemme i spørsmål som gjeld tenesteutvikling, forbedringsarbeid, forskning, og kvardagen i klinikken ellers.
Brukerpanelet vil bestå av seks til åtte personar og møtast om lag fem ganger i året. I tillegg vil du saman med ein annan brukerrepresentant kunne få tildelt enkeltoppgåver etterkvart som det vert aktuelt. Deltaking i brukerpanelet gjeld for to år om gangen. Du vil få tilbod om opplæring. Som brukerrepresentant vil du få honorar etter gjeldande satsar i Helse Bergen.
Helse Bergen har eit pågåande arbeid for å styrke korleis vi jobbar godt og systematisk med brukermedverknad. Eit brukarpanel ved ReHabiliteringsklinikken vil involverast i det overorda arbeidet med brukarmedverknad, mellom anna ved felles opplæringssamling og felles møtearenaer. Les gjerne meir om brukarmedverknad i Helse Bergen her: Brukarmedverknad - Helse Bergen (helse-bergen.no).
Vekker dette engasjementet ditt?
Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss nokre ord om kven du er og kvifor dette er noko du ønsker å bidra med. Send ein kort tekst til torunn.haugen@helse-bergen.no
Alle som melder seg vil få ei tilbakemelding innan midten av februar.
Sist oppdatert 14.12.2022