Pasientopplæring

Revmatologisk avdeling arrangerer fleire pasientkurs. Kurs om leddgikt (RA-kurs), lupus, Bekhterev, psoriasisleddgikt, urinsyregikt, beinskjørhet og Sjøgren. Måla med kursa er å betre føresetnadene for å leve med sjukdom i kvardagen. Kursa er lagt opp som undervisning og erfaringsutveksling. Kursa er tverrfaglege polikliniske undervisningstilbod over to dagar for pasientar som har fått dei nemnde diagnosane.

lærer står foran elever og underviser.foto

Kursa er tverrfaglege polikliniske undervisningstilbod over to dagar for pasientar som har fått dei nemnde diagnosane.

Kursa blir arrangert på Lærings- og meistringssenteret (Ulriksdal Helsepark). Pasienten betaler ein eigendel per kurs.

Påmelding

For å delta på pasientkursa må ein vere tilvist frå lege og ha diagnosen frå spesialist i revmatologi.

Pårørande er velkomne til å delta på kurs saman med pasienten. Det er gratis for pårørande, men ein må bestille plass via Revmatologisk avdeling.

Har du spørsmål om pasientkursa våre, er du velkommen til å ringe avdelinga på telefon 55 97 54 00

Pasienten får auka kunnskap om sjukdommen sin for å betre livskvalitet, funksjon og helse, og for å betre meistre utfordringar i det daglege livet. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 deltakarar.

Kurset inneheld tverrfagleg undervisning om ma. forebygging, behandling, kosthald og trening. Lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, brukarrepresentant, sosionom, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog vil stå for undervisinga. Det er også sett av tid til å dele erfaringar rundt det å leve med leddgikt. 

På lupuskurs møter du andre i same situasjon i tillegg til fagpersonar. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 personar og er basert på erfaringsutveksling og tverrfagleg undervising. 

Lege underviser om sjukdommen og klinisk ernæringsfysiolog om kosthold. Sosionom informerer om rettar og moglegheiter. Fysioterapeut viser øvingar og gir innføring i basal kroppskjennskap. Ergoterapeut underviser om aktivitetsregulering, og farmasøyt snakkar om legemiddel og bruken av desse.  Sjukepleiar og brukarrepresentant held innlegg om utfordringar i kvardagen og «å leve eit friskare liv».

Kurset skal gje kjennskap til sjukdommen og kva ein kan gjere for å betre livskvaliteten og eiga helse. Lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, farmasøyt, sosionom og brukerrepresentant står for den tverrfaglege undervisinga.

Tema er ma. medikamentell behandling, aktivitetsregulering og meistring av det dagleg livet og arbeidslivet. Det blir også lagt vekt på motivasjon til eigentrening og avspenning. 

Pasienten får kunnskap om sjukdommen sin for å få betre livskvalitet, funksjon og helse, og hjelp til å meistre utfordringar i det daglege livet. Kurset blir arrangert i grupper med 10-15 deltakarar.

Tema for den tverrfaglege undervisninga er ma. forebygging, medikamentell behandling, kosthald, hudpleie og trening. Lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, brukarrepresentant, sosionom, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog vil stå for undervisinga. Det er også sett av tid til å dele erfaringar rundt det å leve med psoriasisleddgikt. 

Målet er å gi deltakarane auka innsikt i sjukdomsutviklinga og kva ein kan gjere for å redusere dei ulike plagene sjukdommen gir. Tema er ma. aktivitetsregulering og meistring av det dagleg livet og arbeidslivet. På kurset deltar lege, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, brukarrepresentant, sjukepleiar og tannlege. Det blir også lagt vekt på erfaringsutveksling mellom deltakarane. 

På dette kurset får ein informasjon om sjukdommen, medikamentell behandling og kosthaldsråd. Ein lærer kva ein sjølv kan gjere for å forebyggje brot, og ein møter andre i same situasjon. Det blir lagt vekt på korleis ein kan leve normalt med sjukdommen. Det blir også gitt eksempel på øvingar og korleis ein kan trene med osteoporose.

Mange ulike medikament blir nytta mot revmatiske sjukdommar. Felles for dei fleste er at dei dempar delar av immunsystemet for at betennelsen skal falle til ro.

Informasjon om legemiddel - Norsk revmatologisk forening

Arrangementer

  • Styremøte i Helse Bergen
    Styret vårt har det øverste ansvaret for drifta av sjukehuset. Styret består av representantar som er oppnemde av Helse Vest og representantar som er valde av dei tilsette.
    Styremøte i Helse Bergen
    29.
    august
    2024
    Fleire datoar
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • CP-kurs
    Erfaringsutveksling og tverrfagleg kunnskap og tiltak.
    CP-kurs
    14.
    november
    2024
Sist oppdatert 31.05.2023