Kapillaroskopi ved revmatiske sjukdommar
Kapillaroskopi er ein metode der ein undersøkjer dei minste blodårene i neglesengene (kapillarer) ved hjelp av eit mikroskop. Mikroskopet som vert brukt ved Revmatologisk avdeling er eit såkalla videokapillaroskop, der bileta vert vist på ein skjerm og overført direkte til ein datamaskin slik at ein kan lagre dei for seinare samanlikning.
Korleis vert kapillaroskopi brukt ved Revmatologisk avdeling?
Kapillaroskopi vert oftast brukt til å undersøkje pasientar med « likfingre» (Raynauds fenomen), og til å undersøkje og følgje opp pasientar kor ein mistenkjer revmatisk bindevevssjukdom.
I dei aller fleste tilfelle førekjem Raynauds fenomen utan annan underliggande sjukdom, men symptomet kan i enkelte tilfelle og vere eit av teikna på revmatisk bindevevssjukdom. I så fall vil ein ved kapillaroskopi kunne sjå ulike endringar i dei små blodårene i forhold til kva ein ser normalt.
Før
For å få best mogleg resultat er det viktig at fingrane er varme. Ein må difor vere i romtemperatur i minst eit kvarter før undersøking. Det er og viktig å ikkje røyke siste timen før undersøkinga, då dette kan føre til samantrekning av dei små blodårene og gjere undersøkinga vanskelegare. Likeins bør ein unngå å ha på seg neglelakk då dette gjer innsynet dårleg.
Under
For å få best mogleg kontakt har ein olje i neglesengene. Desse BLIR så undersøkt med eit lite mikroskop og bileta blir overført til ein dataskjerm for vidare vurdering.
Etter
Det er ingen spesielle forhold å ta omsyn til etter denne undersøkinga aleine.