Temporalisbiopsi

På kvar side i tinningen fins ei pulsåre som heiter arteria temporalis. Denne pulsåra kan nokre gonger verte betent, noko som er årsaka til sjukdommen temporalisarteritt eller kjempecellearteritt.

Ved temporalisbiopsi tar ein ut ein liten del av tinningpulsåra (ein biopsi) for vidare undersøking. Om ein har temporalisarteritt vil ein kunne påvise betennelse i blodåreveggen. 

Endringane i tinningpulsårene er ofte spreidd utover med normale område imellom. Det er derfor nødvendig at biopsien er 1-2 cm lang for å auke sjansen for å treffe eit område som er betent.

Når er det aktuelt å utføre temporalibiopsi

Temporalisbiopsi blir tatt som ledd i utreiinga ved mistanke om betennelse i tinningarterien (Temporalisarteritt).

Korleis skjer inngrepet

Inngrepet skjer i lokalbedøving (same bedøving som vert nytta hos tannlegen) og vert gjort ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukhus. Inngrepet tek opptil ein time. Prøva vert tatt frå den sida der pulsåra verker mest betent. 

Ofte må ein barbere vekk litt av håret i tinningen for å få betre tilgang til tinningpulsåra. Ved s​​jølve inngrepet vert det opna opp inn til pulsåra og ein liten del av åra vert fjerna og sendt til vidare undersøking. 

Det er vanleg å vere litt øm i tinningen dei første dagane etter inngrepet. Stinga etter prøva kan fjernast hos fastlege etter ei veke.

Sist oppdatert 08.12.2022