Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ultralydundersøking av ledd

Legene på Revmatologisk avdeling bruker ultralyd for å sjå om det er betennelse i ledd.

Kvinnelig pasient under konsultasjon ultralydundersøkelse av hånd, lege peker på skjerm og forklarer. Foto

Kva er ultralyd?

Ved hjelp av høgfrekvente lydbølgjer (ultralyd) er det mogleg å danne eit bilete av dei indre organa i kroppen. Ultralydundersøkinga fungerer ved at lydbølgjer blir sendt ut og kasta tilbake til eit måleapparat, ein ultralydprobe. 

Avhengig av kva desse lydbølgjene treff, sender dei forskjellige signal tilbake. Slik kan ein få danna bilete f.eks av leddstrukturar. Dette skjer etter same prinsipp som f.eks. fiskarar bruker når dei skal lokalisere fiskestimar ved hjelp av ekkolodd.


Korleis vert ultralyd brukt ved revmatologisk avdeling?

Ved inflammatoriske leddsjukdommar som f.eks leddgikt og psoriasisleddgikt undersøker ein ømme og hovne ledd med ultralyd for å sjå etter betennelse og væske i sjølve ledda. 

Ultralyd kan og bli brukt ved andre revmatologiske tilstander, som for eksempel til undersøking av spyttkjertlar ved Sjøgrens syndrom og til vurdering av blodårer i tinningregionen ved mistanke om Temporalisarteritt.

Sist oppdatert 14.02.2023