Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Foredragshaldarar

Møt dei her

Ebba Birgitte Broager Thorsen 

Ola døydde i ei rusrelatert drukningsulykke i mars 2022, 19 år gammal. Ola testa ulike rusmiddel, og vennene hans seier at dette var noko dei gjorde innimellom for å ha det gøy. I russetida fekk Birgitte høyre at Ola hadde prøvd hasj og MDMA og hugsar at Ola sa: "Ikkje bekymre deg, mamma, eg har berre prøvd». Han tenkte ikkje at det var farleg, han hadde full kontroll. Openheit og det å snakke om Ola har vore ein viktig del av Birgittes sorgprosess. Og sjølv om ikkje hennar to andre søner kan dempe tapet av Ola, har dei vore grunnen til at ho har stått opp kvar morgon og kjempa seg vidare. 

Charlotte Ådna Aasestad 

Mamma til Henrik 18 år. Henrik døydde av ein overdose MDMA i 2020. Henrik eksperimenterte med partydop, meinte å ha full kontroll heilt til den dagen han ikkje hadde kontroll likevel. Charlotte kjempar med kjensle av skam, skuld og fortviling over at ho som mamma ikkje visste om dette, og ikkje mist at ho ikkje kunne stoppe det. Det har vore ein prosess med omarbeiding, forsoning og kamp for å finne meining i å leve vidare sjølv utan barnet sitt

Cathrine Kleppe 

Cathrine Kleppe er leiar for Meistringssenteret i Time kommune, og i tillegg tilsett i kriseteamet i Time og Klepp kommune

 Lillian Bruland Selseng

Lillian Bruland Selseng er sosionom og professor ved Høgskulen på Vestlandet, og ein av prosjektleiarane i forskingsprosjektet "Etterlatte ved narkotikarelatert død" (END-prosjektet). Lillian har omfattande arbeidserfaring frå rusfeltet, og har i forskingsarbeidet sitt vore spesielt oppteken av behov og erfaringar til etterlatte som bruker rusmiddel. 

Sist oppdatert 28.05.2025