Fire personer sitter rundt et bord. Foto

Jobb først Floen

Jobb først Floen er eit tilbod i Floen for dei som ønskjer å kome ut i ordinært arbeid. Arbeid blir sett på som ein viktig del av tilfriskning og meistring, og arbeidsretta oppfølging er derfor integrert i behandlingstilbodet.

Tilbodet byggjer på metoden Individuell jobbstøtte (IPS), eit samarbeid mellom NAV og helsetenesta. Målet er å hjelpe den enkelte med å finne og behalde ein jobb som passar eigne interesser, ressursar og mål.

Gjennom Jobb først får du:

Individuell oppfølging knytt til arbeid og karriereval
Hjelp til å finne ordinært arbeid
Støtte i søknadsprosessar og kontakt med arbeidsgivarar
Oppfølging både før og etter at du kjem i jobb

Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ønskje og behov.

 

Individuell jobbstøtte (IPS) - nav.no

Sist oppdatert 04.11.2026