Pårørandegrupper
Vi tilbyr pårørandegrupper ved Floen Bergen for familie og andre nærståande til pasientane våre.

Pårørandegruppene møtest om lag kvar sjette veke og gir høve til å møte andre i same situasjon. Samlingane er ein arena for erfaringsutveksling, støtte og dialog mellom pårørande og behandlingstenesta.
På samlingane får deltakarane informasjon om behandlingstilbodet og undervisning i tema som mange pårørande er opptekne av, mellom anna:
- Pasientrettar
- Lovverk
- Personvern og teieplikt
- Korleis ein kan vere til støtte i behandlingsprosessen
Alle pasientar får også tilbod om par- og pårørandesamtalar. Å involvere pårørande kan vere ein viktig del av behandlinga og bidra til betre støtte og forståing rundt pasienten.
Pårørande får skriftleg invitasjon til gruppesamlingane.
Kontakt oss for meir informasjon
Telefon 55 97 01 00 (ekspedisjon) / 55 95 89 00
Sist oppdatert 04.11.2026