Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel

Poliklinikk i Bergen og Bjørgvin fengsel er eit behandlingstilbod under Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Tilbodet er laga i samarbeid med kriminalomsorga, og gir innsette i dei to fengsla tilgang til rusbehandling på same måte som andre i samfunnet.

Dette er eit behandlingstilbod for personar som har, eller står i fare for å utvikle, eit problematisk forhold til rusmiddel, ofte i kombinasjon med psykiske utfordringar.

Vi jobbar tett saman i team med rusbehandlingsteamet i kriminalomsorga og andre samarbeidspartnarar i fengselet under soning.

Kven kan få hjelp?

  • Alle innsette i Bergen og Bjørgvin fengsel som har rusproblem eller risiko for å utvikle det
  • Innsette som treng samtalar eller utgreiing
  • Tilbodet gjeld alle innsette, menn, kvinner og unge.

Kva slags hjelp får du?

  • Du får same type hjelp som i vanleg poliklinikk: samtalar, utgreiing, individuell behandling og oppfølging frå sosialfagleg personell
  • Vi planlegg også gruppetilbod
  • Vi samarbeider med tenester utanfor fengselet, slik at du kan få støtte når du er ferdig med soninga

Korleis blir du tilvist?

Alle tilvisingar skal sendast til vurderingsteamet ved Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Dei vurderer og fordeler tilbodet.

Ved tilvising er det særleg viktig å beskrive:

  • Aktuell situasjon og bruk av rusmiddel
  • Psykiske og somatiske lidingar, bruk av legemiddel
  • Psykososiale forhold og fungering