Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskarar ved Rus- og avhengnadsklinikken undersøkjer behandling for amfetaminavhengnad.

Kan dekstroamfetamin hjelpe personar med amfetaminavhengnad? Det undersøkjer forskarar i ATLAS4Dependence, ein nasjonal studie som Forskingsseksjonen ved Rus- og avhengighetsklinikken i Helse Bergen leier. I ein reportasje i Rus & samfunn fortel ein deltakar om dei første vekene sine i studien.

Publisert 24.11.2026
Illustrasjon av et hode med synlig hjerne

Medisinen får slutt på tankekaoset. Erik er sikker på kva han får.

Etter meir enn 20 år med amfetaminbruk søkte «Erik» hjelp hos fastlegen, som viste han til ATLAS4Dependence. Då Rus & samfunn møtte han i Tønsberg, var han inne i den tredje veka av studien. Han fortalde at han opplevde meir ro i kvardagen, og at det var lettare å konsentrere seg på jobb.

Undersøkjer effekt og tryggleik

ATLAS4Dependence er ein klinisk studie som blir gjennomført ved fleire sjukehus i Noreg. Forskarane undersøkjer om dekstroamfetamin kan redusere bruken av amfetamin som lege ikkje har skrive ut, betre livskvaliteten og redusere psykiske helseplager. Dei undersøkjer også kor trygg behandlinga er.

Deltakarane blir tilfeldig fordelte til å få dekstroamfetamin eller placebo i 12 veker. Begge gruppene får tett oppfølging. Verken deltakarane eller studiepersonellet veit undervegs kven som får verkestoffet. I reportasjen fortel studiesjukepleiarane i Vestfold korleis dei følgjer opp deltakarane, også når det er vanskeleg for dei å møte til avtalar.

 

Les reportasjen i- Rus & samfunn