Åpning av SEIER
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opna 20. oktober forskingssenteret SEIER – Senter for evidensbaserte intervensjonar i rusbehandling. Trond Mohn forskningsstiftelse og Helse Bergen finansierer satsinga med 30 millionar kroner kvar.

Menneske med alvorlege ruslidingar lever vesentleg kortare enn resten av befolkninga og har ofte samansette helseutfordringar. SEIER skal utvikle og teste behandlingsmodellar som kombinerer rusbehandling med oppfølging av fysisk og psykisk helse. Målet er betre livskvalitet og lengre liv. Senteret er det første av sitt slag i verda, og forskinga kan få betydning for behandlingstilbod både i Noreg og internasjonalt.
Opninga samla representantar frå forsking, helsetenestene og brukarmiljøa. I tillegg til Vestre heldt senterleiar Lars Thore Fadnes, viseadministrerande direktør i Helse Bergen Clara Gram Gjesdal, dagleg leiar i Trond Mohn forskningsstiftelse Nicholas Knag Nunn, HUSET-leiar Marianne Cook Pierron, leiar i Foreningen for human ruspolitikk Arild Knutsen og klinikkdirektør Christian Ohldieck innlegg.
Deretter deltok Fadnes, Pierron, Knutsen og Ohldieck i ein panelsamtale saman med Else-Marie Løberg og Kjell Arne Johansson.