Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fatemeh Chalabianloo om kvifor dei prøver ut medisinsk amfetamin

I den førre reportasjen frå Rus & samfunn fortalde «Erik» korleis han opplevde å delta i ATLAS4Dependence. I oppfølgjaren er det forskingsleiar Fatemeh Chalabianloo ved Forskingsavdelinga i Helse Bergen som kjem til orde. Ho fortel kvifor forskarane valde dekstroamfetamin, og kva som må avklarast før behandlinga eventuelt kan bli eit tilbod.

Publisert 24.11.2026
En person som smiler til kameraet
Fataemeh Chalabianloo

Brukarorganisasjonane påverka valet av legemiddel

Forskarane vurderte først eit langtidsverkande legemiddel. Chalabianloo trekkjer ein parallell til behandlinga av opioidavhengnad, der langtidsverkande legemiddel kan gi pasientane meir stabilitet i kvardagen. Brukarorganisasjonane som er med i studien, argumenterte for å prøve eit legemiddel med same verkestoff som deltakarane er avhengige av, og som verkar raskt. Innspela deira var ein av grunnane til at forskarane valde dekstroamfetamin i tablettform.

Kva skal til for at behandlinga kan bli eit tilbod?

Chalabianloo understrekar at eit eventuelt behandlingstilbod må ha gode rammer for oppfølging. Ho peikar på risikoen for biverknader og for at legemiddelet kan bli brukt på andre måtar enn føresett eller kome i hendene på andre. Ho reiser òg eit spørsmål om kor lenge ei slik behandling bør vare, og om ho kan avsluttast etter kvart. Forskingsgruppa håpar å avslutte datainnsamlinga i 2027.

 

Les oppfølgjaren med Fatemeh Chalabianloo i - Rus & samfunn