Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fedmeoperasjon - Ofte stilte spørsmål

Her finn du oversikt over ofte stilte spørsmål og svar ved fedmeoperasjon.

1. Vil eg miste hår etter operasjonen?

Håravfall er ikkje uvanleg. Årsaka er at pasienten er underernært dei første månadane etter operasjonen. Håret normaliserer seg igjen når stabil vekt er oppnådd.

2. Blir eg lettare gravid etter operasjonen?

Mange overvektige kvinner har vanskar med å bli gravide. Etter ein fedmeoperasjon kan dette endre seg, og mange vert meir fruktbare. Grunna usikker ernæringsstatus tilrår vi sterkt at pasienten ikkje vert gravid dei første 2 åra etter operasjon. Ver difor nøye med prevensjon i denne perioden.

3. Påverkar operasjon alkoholtoleransen?

Ja, mange kan oppleve at alkohol får ein annan verknad enn før. Som regel tåler ein mindre mengder enn tidlegare. 

4. Når kan eg byrja med trening etter operasjonen?

Du kan byrja med turgåing, lett trening og vanlege kvardagsaktivitetar med ein gong du kjem heim. Tung styrketrening der du tek i maksimalt, og tunge lyft må du vente med til det har gått 4 veker etter operasjonen. Når stinga i operasjonsopningane er grodd kan du byrja med vassaktiviteter. 4 veker etter operasjon er det ingen restriksjonar. Det er likevel viktig å trena på ein måte som gradvis byggjer opp kroppen utan å overbelasta. Vi tilrår at du søkjer kunnskap om trening dersom du ikkje har det frå før.

5. Kva kan hindre eit godt resultat?

Mange faktorar kan påverke vekttapet, men for å få eit best mogeleg resultat er det viktig at ein fyljer dei råda ein får om kost og fysisk aktivitet.

6. Kor lenge skal ein ta vitamin-/mineraltilskot?

Det vert teke blodprøver både før operasjon og på kontrollane etter operasjon for å kartlegge næringsstatus samt vitamin- og mineralstatus i kroppen. Enkelte pasientar treng tilskot av andre vitaminar enn det som er standard i forhold til den operasjonsmetoden pasienten har fått utført. Ein må rekne med å måtte ta vitamin- og mineraltilskot heile livet etter ein fedmeoperasjon.

7. Påverkar operasjonen den psykiske helsa?

Det er ikkje uvanleg at dei store endringane som skjer med kroppen, og i livet etter ein fedmeoperasjon også påverkar den psykiske helsa. Dette kan vere ei utfordring også for familie og nære omgjevnader. God førebuing, oppfylging og eit godt støtteapparat er svært viktig.

8. Har eg krav på plastisk kirurgi for å fjerne overflødig hud?

Mange treng plastisk kirurgi i etterkant av ein fedmeoperasjon. Før dette vert vurdert bør det ha gått ca 2 år og vekta må vere stabil. Voss sjukehus har ikkje tilbod om slike inngrep i dag, men fastlege kan tilvise direkte til privat klinikk i Hordaland som har avtale med det offentlege. Per i dag gjeld dette Privathospitalet (tidlegare Bergen Medisinske senter), men frå 1. mai 2014 vil det vere Aleris i Bergen som har denne avtalen. Her er det absolutt krav om røykeslutt.

Sist oppdatert 20.12.2023