Diabetessjukepleiar

Diabetessjukepleiar gir tilbod til alle inneliggande pasientar ved Voss sjukehus, og pasientar som kjem til poliklinisk behandling for diabetes.

​Individuelt pasientarbeid​

  • ​Individuell pasientopplæring til inneliggande pasientar
  • Diabetespoliklinikk fire dagar i veka etter tilvising frå lege
  • Telefonkonsultasjonar 
 ​
Individuell opplæring, reopplæring av inneliggande pasientar og deira pårørande i t.d.:
 
  • ​​​​Kva er diabetes?
  • Behandling av diabetes
  • Blodsukkermåling
  • Injeksjonsteknikk
  • Kost
  • Mosjon
  • Eigenomsorg ved diabetes
  • Fotkontroll
  • Korleis handtera sjukdommen i det daglege
  • Andre relevante tema
 

Pasientarbeid i grupper

Alle med ein kronisk sjukdom har rett til opplæring. Kurset «Ein god start», diabetes type 2, vert arrangert ved Lærings- og mestringssenteret i Bergen.
 

Nettverksarbeid

  • ​Rettleie personale ved Voss sjukehus
  • Rettleie personale i 1. linjetenesta ved behov
  • Opplæring / undervisning av helsepersonell internt og eksternt
  • Representerer Voss sjukehus i arbeidet med å sende inn data til Norsk diabetesregister for Voksne (NOKLUS). Målet med å bruke registeret er å forbedra kvaliteten på behandlinga av personer med diabetes.

Kontaktinformasjon

Arbeidstid
Måndag – fredag 
Kl. 08.00 – 15.30

Her finn du oss

Voss sjukehus i 2. høgda i bakre bygg (mot nord)

Telefon

Sentralbord 56 53 35 00
Avd.leiar  56 53 38 45​​

Nyttige lenker

Diabetesforbundet

Nasjonale kliniske retningslinjer for diabetes (pdf)​​

Sist oppdatert 27.05.2022