Å bu på Voss
Voss er ei bygd som inviterer til spektakulære opplevingar. Sjukehuset ligg omtrent i skibakken, og er omkransa av vakre fjell og vatn. Velkomen til ein stad der natur og kultur står i sentrum.

Sport og natur
Om vinteren kan du boltre deg på alpinski i velpreparerte løyper, med pudderkøyring «off-piste» og i skogskøyring som ingen andre stader i landet, tur i høgfjellet eller langrennstrening i preparerte løyper med lys heile døgnet.
Om sommaren lokkar grønkledde åsar og grå toppar mot blå himmel. Her er det plass til alle - ekstremsportutøvarar, mosjonistar og naturelskarar.
Ski og klatring, kajakk og elevpadling, luftsport og fjellturar. Mogelegheitene for aktive dagar er endelause i denne vakre vestlandsbygda.
Kultur og historie
Voss er ikkje berre kjent for unike naturopplevingar. For deg som vil oppleve kunst, kultur og historie har bygda mykje å by på både innandørs og utandørs.
Om du vil lauga deg – ligg Vossabadet klart for deg.
Sjå meir her: