Tilbod til våre tilsette

På Voss sjukehus er vi i underkant av 400 tilsette. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. For oss er det viktig å ta godt vare på dei vi har - og ønske godt i mot dei nye som kjem.

tilsette.voss.foto

Les meir om Voss sjukehus

Jobb på Voss sjukehus

Vi har personalbustader som ligg i bakken rett bak sjukehuset. Det er ikkje flust av slike bustader, så det blir avtale om å bu der i ei tidsavgrensa tid. Slik sikrar vi at det blir plass til nye tilsette som treng bustad. Bustadblokk som heiter «Søsterheimen» er nyleg renovert og har no god standard. Rett bak sjukehuset har vi to einebustadar omtala som «overlegeboligen» - begge desse er eldre hus og har moderat standard.

Gi oss melding tidleg om du treng hjelp til bustad. I tillegg er det mykje utvikling av bustadmarknaden på Voss med nybygg av mange ulike typar. Det er populært å bu på Voss.

Voss sjukehus har ikkje eigen barnehage, men det er god dekning av barnehagar i Voss kommune.

​Sjukehusrevyen er ein kulturinstitusjon i seg sjølv. Gjengen er stabil og får inn stadig nye flotte talent til den populære revygruppa. Dette er moro for alle, og i år kan dei feire med « Jubileumsrevy-2022» med 20 år på scenen.

Pensjon

Som tilsett i Helse Bergen er du automatisk forsikra i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) når det gjeld:

  • Alderspensjon og AvtaleFestet Pensjon (AFP), som blir administrert og utbetalt av KLP
  • Uføre-/attføringspensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp, eller når arbeidstakar ikkje lenger kan arbeide til ulagleg tid.
  • Etterlattepensjon, som gjeld for attlevande ektefelle, samt registrert partnar gjennom partnarskapslova (gjeld ikkje sambuar) og Barnepensjon som gjeld attlevande barn under 20 år.

Forsikring

Vi tilbyr våre tilsette eigne forsikringar gjennom Helse Vest. Desse forsikringane kjem i tillegg til utbetalingar frå Folketrygda og det du måtte ha av private forsikringar.

Forsikringane er:

  • Gruppelivsforsikring
  • Tenestereiseforsikring
  • Yrkesskadeforsikring (etter Lov om yrkesskadeforsikring)
  • Yrkesskade (forhandla fram via SPEKTER)
Sist oppdatert 07.06.2023