Kapell og presteteneste

Her finn du informasjon om kapell og presteteneste ved Voss sjukehus.

​Kapell 

Om pasient/pårørande ynskjer å bruka kapellet som stillerom eller ved minnestund ved dødsfall, kan dette ordnast. Ta kontakt med avdelinga der pasienten er innlagt eller med prest.
 

Presteteneste 

Voss sjukehus har avtale med Voss prestekontor. For dei som ynskjer besøk av prest medan dei er pasientar ved sjukehuset kan dette ordnast. ​​​​
Sist oppdatert 11.11.2024