Logoped Voss

Logopeden held til på Avdeling for fysioterapi og tverrfaglege tenestar. Det kan tilvisast til logopeden frå alle avdelingane på Voss sjukehus for kartlegging og behandling av vaksne pasientar med behov for logopediske tenestar etter sjukdom og/eller skade.

Dei fleste tilvisingane kjem frå Medisinsk avdeling og gjeld pasientar med hjerneslag eller andre nevrologiske sjukdommar/tilstandar som Parkinson sjukdom, MS, ALS, og hjernesvulstar.  
 

Individuelt pasientarbeid

  • ​​Logopeden gjev individuelt tilbod til vaksne med erverva vanskar etter sjukdom eller skade med: 
    • ​språk- eller kommunikasjonsvanskar 
    • svelgevanskar 
    • stemmevanskar ​
  • Vurderer om det er behov for vidare logopedoppfølging etter utskriving
  • Vidaremelding til heimkommunen om behov for logopedisk hjelp etter utskriving

Nettverksarbeid

  • ​Informasjon og rettleiing til pårørande 
  • Rettleiing til personale på Voss sjukehus
  • Undervisning om ulike logopediske tema
  • Medlem i ParkinsonNet, tverrfagleg nettverk i helseregionen


Kontaktinformasjon

​Arbeidstid

Måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Du finn oss

i 2. etasje på Voss sjukehus
Sist oppdatert 27.05.2022