Akutt behandling i trykkammer - utanom dykkarulykker

Her finn du informasjon akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) av karbonmonoksid (CO)- forgifting, Nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, Store knusingsskadar, Brannskadar og elektriske skadar, Transplantater/lapper med sviktande sirkulasjon, Ekstremt blodtap, Intrakranielle abscessar, Arteriell gassemboli, Akutt idiopatisk nevrogent høyretap og akutt okklusjon av arteria retinalis sentralis.

Eksteriør flermanns trykkammer. Foto

Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen - 113. Trykkammera ligg i kjelleren på Konrad Birkhaugs hus ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS).

Førebuing

Ved førespurnad om HBO-behandling av intensivpasient frå anna sjukehus, må dykkarlege konferere med vakthavande intensivlege for vurdering av kapasitet på Intensivavsnittet. Det må gjerast avtale om at pasienten vert motteken ved ei moderavdeling på HUS.

Viss det er tid, vil det vere ein fordel å få tatt eit lungerøntgenbilde, samt å vurdere pasientens evne til å utjamne trykket til mellomøyr.

Indikasjon må vurderast i samråd med behandlande lege og ein må og vurdere om det føreligg kontraindikasjonar. Pneumothorax må drenerast. Baklofenpumpe, ventrikuloperitoneal shunt etc. må ein klarere med produsent.

Indikasjonar for ØH HBO for anna tilstand enn dykkarsjuke


Raskt spreiande infeksjon med Clostridium Perfringens med sepsis, lokalt ødem, massiv vevsnekrose og gass i vevet. HBO behandling med tre atmosfærar trykk bidreg til å stoppe  bakteriane si alfatoksinproduksjon.

Diagnostiserast med klinikk og påvising av grampositive stavar i preparat med fråvær av leukocyttar (leukocyttar indikerer blandingsinfeksjon). Bronseliknande hud, ødem og hemorrhagiske bullæ/vesiklar. Eksudat med søtleg lukt. Muskulatur fargast grøn/svart. Krepitasjonar i vevnaden førekjem, og gass kan sjåast på røntgen.

Behandling
Målretta antibiotikabehandling ordinert av infeksjonsmedisinar.

Kirurgisk opning og fasciotomi utan ekstensiv kirurgi før HBO. Dersom det vert ventetid på operasjon bør ein starte HBO så snart som mogleg. Tabell 20/90. 3 behandlingar første 24 timar. Deretter x 2/dag inntil infeksjonskontroll.

Det er ikkje internasjonal semje om ein ved å behandle CO-forgiftingar med HBO for å eliminere CO raskare frå blodbanen, kan redusere kognitive sekveler, eller om HBO kan forverre slike. Av den grunn er det berre pasientar med svært alvorlig CO-forgifting som får tilleggsbehandling med HBO.
 

  • dersom HBO ikkje kan startast innan 6 timr etter CO-intoksikasjonen, behandlast pasienten med normobar oksygenbehandling.
  • hos ustabile pasientar må nytten av HBO vegast mot faren ved transport og kammerbehandling.
  • pasientar som har hatt hjertestans behandlast berre med normobar oksygenbehandling i 12-24 timer og eventuelt kjøling ifølge sjukehuset sine rutinar.


Behandling:

  • Initial behandling ved CO-forgifting er normobar oksygenbehandling.
  • pasientar som er gravide eller er bevisstlause skal behandlast med ei behandling HBO tabell 20/90.
  • ved røykinhalasjon og lactat>10mmol/l må cyanidforgiftning mistenkast og cyanokit administrerast
  • etter HBO skal pas henvisast til nevrologisk avdeling for EEG og nevropsykologisk undersøking.

Infeksjonen gir lokal hypoksi, oftast forsterka av ein infeksjonsbetinga okkluderande endarteritt. Sekvestrering av leukocytter med lavt tal på leukocytter sentralt i infeksjonsområdet sjåast ved nekrotiserande infeksjonar.
 
HBO virker ved å betre leukocyttfunksjon i hypoksisk vev og nedset granulocyttadhesjonen til endotel. I tillegg reduserast anaerob bakterievekst. Ved pressorindusert nedsett perifer perfusjon vil HBO teoretisk sett kunne bidra til å redusere mengda ischemiske nekrosar. HBO er adjuvant behandling til iv. antibiotika og kirurgisk revisjon.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 x2/døgn til stabil tilstand, deretter x1/dag etter vurdering av klinisk tilstand i samråd med intensivmedisinar og infeksjonsmedisinar.

Ved knusingsskadar i ekstremitetane kor det kan vere marginalt sirkulert vev og evt. losjesyndrom med ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO bidra til å redusere ødemet, hindre adhesjon av leukocytter til karveggen og betre oksygeneringa av vevet for reduksjon av vevsdød. Start av HBO bør skje innan 6 timer etter skaden.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 3 gongar/døgn fyrste døgn, deretter
2 gongar/døgn i 2 dagar, deretter 1 gong dagleg ved behov.

Ei brannskade resulterer i lokal mikrosirkulasjon prega av stase, mikrotromber med ødem og etter kvart oksygenmangel. Hyperbar oksygenbehandling er retta mot å redusere ødemet, bevare marginalt oksygenert men viabelt vev, stimulere og bevare vevets bakterielle motstandskraft og stimulere til rask sårheling. HBO er adjuvant behandling i tillegg til optimal ventilasjon og oksygenering, væskebehandling, og tidlig kirurgisk eksisjon.
 
Indikasjon: Større delhudsskader hos vaksne (> 15 år) med TBSA > 20%, samt ved elektriske skader (alle storleiker). Pasienten må vere transportabel.
 
Behandling: HBO tabell 14/90. Tre behandlingar i løpet av fyrste døgn med oppstart raskast mogeleg etter at skaden har oppstått, deretter 2 behandlingar i døgnet. Det bør gis minst fem behandlingar for at pasienten skal ha nokon effekt, men ofte opptil 20-30.
 
Pasientane vil ofte trenge mindre væske under sjølve behandlinga p.g.a. hyperoksisk vasokonstriksjon, men treng ofte meir væske iv like etterpå pga. vasodilatasjon. Evt blodtrykksfall behandlast primært med væske og ikkje pressor.

Transplantat og hudlappar med sviktande sirkulasjon: ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev, kan pasienten søkast til pre- og postoperativ HBO-serie. Formålet er å fremme neoangiogenese i det stråleskada vevet og å avhjelpe innheling av lapp/transplantat.
 
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO vere nyttig for å bevare transplantatet eller redusere nekrose. HBO bør startes så snart eit perfusjonsproblem oppstår.
 
Utgreiinga skal inkludere måling av transkutan oksygentensjon på hudlappen under luftpusting og oksygenpusting før hyperbar oksygenbehandling. (eventuelt under behandlinga, spesielt dersom det er tvil om HBO er aktuelt).
 
Behandling ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev får pasienten 20-30 preoperative behandlingar HBO tabell 14/90, ein venter deretter 6-8 ukar med elektiv kirurgi og starter postoperativ HBO-serie så raskt som mogeleg etter kirurgi. Postoperativ serie er på 10 behandlingar tabell 14/90.
 
I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade startar ein så raskt som råd med tabell 14/90 til å begynne med to gongar daglig. Når hudlappen ikkje lenger er trua, éin gong daglig i samråd med kirurg.

Ved ekstremt blodtap og problem med å få forlika blod kan pasienten oksygenerast med HBO.
 
Indikasjon er korreksjon av oksygendeficit hos ikkje-transfunderbar pasient med organsvikt, cardial iskemi og acidose. Behandling kun ei kort periode medan ein finn forlikeleg blod. Dersom pasienten ikkje skal transfunderast, er HBO ikkje indisert.
 
Behandling: er HBO på 2-3 ATA 60 minuttar med overflateintervall aukande frå 60 minuttar.

Intrakranielle abscessar
Hos pasientar med multiple abscessar, abscess med dominerande eller djup lokalisasjon, hos immunkompromitterte pasientar eller forverring tross behandling med kirurgi og antibiotika kan HBO vere nyttig adjuvant terapi.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 er anbefalt med 1-2 behandlingar dagleg avhengig av situasjonen, i publiserte material har i snitt 13 behandlingar vore gjeve.

Ved alvorlig gassemboli kan trykkammerbehandling vere livreddande. Det viktigaste er å mistenke tilstanden. Følg algoritmen i punktet om behandling.
 
Mekanisme
Gassemboli oppstår når luft eller annan gass kjem over i sirkulasjonen, venøst eller arterielt. Små mengder venøs gass er sjeldan symptomgivande, då den normalt filtrerast ut via lungene. Dersom gassmengda blir stor nok, eller kjem svært raskt, vil gass kunne passere over i den arterielle sirkulasjonen via lungekapillæra. I tillegg shuntast stadig ca. 2-3 % av totalsirkulasjonen utanom lungekapillæra. Arteriell gassemboli kan difor oppstå uavhengig av eit patent foramen ovale. 
 
Risikofaktorar
• Biopsi av lunge/lever
• Hjerte-lunge-maskin / ECMO
• All kirurgi, spesielt der operasjonsfeltet ligg over hjertenivået.
• Sectio pga. store mengder potensielt åpentståande vener i uterus.
• Skopiar
• Ortopediske proteseinngrep
• Cardiopulmonal resuscitering
• Åpentståande svk-løp/innlegging av svk
• Skyljing av arteriekran
• Infusjon via iv-sett
• Angiografiar proksimalt for arteria vertebralis sinistra
• Intraarteriell nimotopinfusjon ved cerebrale spasmar
• Dykking
 
Diagnose
• Risikofaktor til stade
• Plutseleg fall i endetidal CO2
• Plutseleg nedsett medvit
• Peroperativ hjertestans med pulslaus elektrisk aktivitet
• Fokalnevrologiske utfall
 
Bildediagnostikk med påvising av intravaskulær gass er ikkje påkravd dersom mistanken om arteriell gassemboli er sterk, og skal ikkje seinke oppstart av behandling.
CT caput utførast dersom hjernebløding er aktuell differensialdiagnose.
 

Behandling
1. 100 % oksygen på maske med reservoar
2. Reduser lufttrykket ved skopi
3. Avslutt kirurgi
4. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK
5. Om lungebiopsi har medført pneumothorax, skal denne drenerast
6. Paracentese utførast berre dersom dette ikkje vil forseinke behandlinga.
7. Ved hjertestans, skal HLR utførast til pasienten er trykksatt i trykkammeret
8. Trykkammerbehandling : HBO tabell 6
9. Repeterte behandlingar x1/dag med HBO tabell 14/90 inntil ein når platåfase (stasjonære symptom). For respiratorpasientar gis to repeterte behandlingar.
 
 
Det er større sannsyn for godt resultat om det er kort tid mellom embolien og HBO, men det har vore sett respons av HBO som er starta etter 24 timer.
 
Enkelte pasientar får ei betring av symptoma etter normobar oksygenering. Då tilbakefall ofte inntreff når reperfusjonsskaden utviklar seg, skal desse pasientane også behandlast.
 
Oppdrift har liten eller ingen effekt på arteriell eller venøs distribusjon av intravaskulær luft. Det å senke hovudet vil auke ødemet. Det er usikkert om dettehar nokon positiv effekt og skal uansett ikkje gjerast i meir enn ti minutt.
 
Symptomfrie pasientar med påvist luft i hjartet:
ved asymptomatisk luftemboli etter lungepunksjon skal pasienten observerast på intensiv / oppvakingsavsnittet. Kontinuerleg oksygen på maske med reservoar 10 l / min. Sideleie med høgre side ned. Flatt leie. Ikkje hev overkroppen. Observasjonstid avheng av luftmengde. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK. Nevrologisk undersøking før transport tilbake til avdeling. Brystsmerter eller EKG endringar kan skyldast embolisering til kransårene.

Akutt idiopatisk nevrogent høyretap inneber eit høyretap på minst 30 db i tre samanhengande frekvensar og som oppstår i løpet av tre dagar. Det vanlegaste er plutseleg unilateralt høyretap, tinnitus og vertigo. Høyretapet kan og vere bilateralt og utan tinnitus/vertigo. Etiologien er ukjent. Pasientane behandlast av ØNH-spesialist, dei får steroider peroralt og evt intratympanisk.
 
HBO kan nyttast som adjuvant behandling ved alvorleg høyretap (pta > 60 db) i tillegg til behandling med steroider. Oppstart av behandling bør helst skje innan 72 timer etter symptomdebut. Grense for start av HBO er éi uke etter symptomdebut.
 
Audiometri skal gjerast ved diagnose, ved end HBO-behandling og etter 3 månader.
 
Dersom det er manglande betring etter behandling med HBO, kan ein vurdere  intratympanisk steroid, spesielt dersom maks taleforståing er under 50 % eller pta < 50db.
 
Behandling: HBO tabell 14/90 daglig, 10-15 fortløpande behandlingar

Okklusjon av art retinalis sentralis er ein sjeldan  tilstand som medfører akutt synstap utan smerte. Risiko er auka ved kjempecellearteritt, aterosklerose og tromboembolisk sjukdom
 
Pasienten blir behandla av Oftalmolog og normobar oksygenbehandling bør startast  straks. Det er indikasjon for adjuvant behandling med HBO dersom HBO kan startast innan 24 timer etter symptomstart. Tidlegare behandlingsstart er ein fordel.
 
Behandling: HBO tabell 20/90. Ved betring under første behandling, gir ein  tabell 20/90 x2/døgn til platåfase.

Akutt idiopatisk sensorinevralt høyretap inneber eit høyretap på minst 30 dB i tre samanhangande frekvensar og som oppstår i løpet av tre døger. Det vanlegaste er plutseleg unilateralt høyretap, tinnitus og vertigo. Høyretapet kan og vere bilateralt og utan tinnitus/vertigo. Etiologien er ukjend. 

Pasientane behandlast av ØNH-spesialist som ordinerar steroider peroralt og evt intratympanisk. HBO tilbys som adjuvant behandling kun som ledd i SuDHO-studien og om pasienten randomiserast til standardbehandling + HBO. Det er ØNH-lege som inkluderar pasient til studien og gjer randomiseringa. Behandling: i HBO-armen: Tabell 14/90 som 14-16 daglege behandlingar i ei periode på 18 døger.​

Sist oppdatert 03.10.2023