Joint Industry Project
Joint Industry Project – Eit industrisamarbeid for å styrke norsk dykkemedisinsk forsking
Student og interessert å delta i forskingsprosjektet? Vi er interessert i studentar innan medisin og relevante masterutdanningar som ønsker å delta i prosjektet. Vi tilbyr prosjektoppgåver – Ta kontakt om du er interessert å høyre meir!

Om prosjektet
Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire offshoreverksemder, Helse Bergen og NTNU for å styrke viktige forskingsmiljø innan dykkemedisin. Forskinga skal gje betre kunnskap om korleis kroppen tilpassar seg dei spesielle forholda under yrkesdykking – og kva som skjer når denne tilpassinga sviktar. Prosjektet skal undersøke biologiske mekanismar og leita etter biomarkørar som kan skilje mellom sunn tilpassing og potensielt farlege reaksjonar, som trykkfallssjuke. Ei viktig rolle til samarbeidsprosjektet er å stimulere til auka rekruttering innan dykkemedisin og relevante tilknytte faglege område.
Kvifor er dette viktig?
Noreg er avhengig av offshore og innaskjers dykking og vil vere det i mange år framover. Dette er særleg viktig i dagens situasjon med auka behov for beredskap. Vi treng difor kvalifiserte dykkarlegar, helsepersonell og aktive forskingsmiljø som sikrar at dette kan gå føre seg i trygge rammer. Yrkesdykking er framleis at yrke med høg risiko for skade. Ein treng difor forskingsbasert kunnskap som kan sikra at dykkaren kan stå i trygt i arbeid gjennom eit lengre arbeidsliv. Me treng kunnskap for å førebyggje helseskadar og for å kunne tilby meir presis oppfølging av kvar enkelt dykkar.
Kven står bak?
Initiativet til prosjektet kjem frå industrien sjølv, gjennom bransjeorganisasjonen Offshore Norge og inkluderer Equinor, Aker BP, Subsea7, Vår Energi og Gasco. I tillegg til NTNU, er det planlagt samarbeid mellom Haukelandsmiljøet og forskingsgrupper ved fleire andre forskingsinstitusjonar som Universitetet i Bergen, Dykkarutdanninga ved HVL, Nordlandssykehuset og Universitetet i vest Britannia.
Bilde av logo til Offshore Norge, Helse Bergen ved Haukeland universitetssjukehus, og NTNU.
Kva skal vi gjere?
I prosjektet skal vi samanlikna biologiske responsar under simulert dykking i laboratoriet med biologiske endringar vi observerer i prøver frå yrkesdykkarar. Laboratorieforsøka vil nytta relevante modellsystem som humane celler og blodmodellar. Desse forsøka vil gå føre seg på Hyperbar cellelab ved Haukeland.
I prosjektet skal vi samle inn biologiske prøvar (blod og urin) frå offshore dykkarar og frå studentar ved Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Desse prøvane blir preparert for vidare analyser og lagra ved biobankar på Haukeland og NTNU.
Vi vil gjere omfattande analyser av prøvene frå dykkarar og frå laboratorieforsøka. Her vil vi sjå på endringar i samansetning av RNA, protein og metabolittar, samt endringar i cellemarkørar for ulike celletypar og celleaktivitet. Prosjektet vil også nytta avansert datamodellering og digitale verktøy.
Student og interessert å delta i forskingsprosjektet?
Vi er interessert i studentar innan medisin og relevante masterutdanningar som ønsker å delta i prosjektet. Vi tilbyr prosjektoppgåver – Ta kontakt om du er interessert å høyre meir!