Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Har du fått time hos oss?

Har du time hos Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet i Helse Vest? Her finn du viktig informasjon du må lese på førehand.

​​Med tanke på hudprikktesten er det viktig at du ikkje bruker einskilde legemiddel på førehand. I første rekkje gjeld dette allergitablettar av typen antihistaminar (for eksempel Loratidin, Aerius, Cetirizin, Kestine, Telfast, Zyrtec) og reisesyketablettar. Om mogleg må desse unngåast i minst 3 dagar, men helst i ei veke før testen.
 
I samband med prikktesten er det viktig at ein unngår å bruke body lotion på armane same dag.

Førstegangskonsultasjon

Når du kjem til avdelinga, klikk enten på sms-lenka for å registrere oppmøte, eller gå til ekspedisjonen. Sitt deretter ned og vent inntil ein av våre sjukepleiarar tar imot deg. Dersom det er planlagt hudtestar eller eventuelle pusteprøvar vil desse ofte bli utført først. Deretter vil du bli henta av legen til ein konsultasjon.
 
Dersom du skal ta blodprøvar går du til laboratoriet på Haukelandsområdet etter legetimen. 

Pasientar som går til allergivaksinasjon

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:

  • er forkjøla, har feber, eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom. Du skal vere symptomfri i minst ei veke​​​ før vaksinasjon.
  • har fått annen vaksine eller antibiotika dei siste 7 dagane
  • har hatt behov for å auke dosen med astmamedisin

Pasientar som skal til provokasjon​

Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:

  • er forkjøla, har feber eller har anna sjukdom
  • har allergisymptom
  • har brukt antihistaminar dei siste dagane​
Sist oppdatert 07.05.2026