Avdelingane i Glasblokkene

23. oktober opnar Glasblokkene 5-8. Då er det meste av aktivitet knytta til barn og unge på sjukehuset samla i Glasblokkene. Palliaiv sengepost kjem også inn i bygget i september, medan Kvinneklinikken flytter inn 7. november.

​På denne sida finn du oversikt over einingane som skal inn i Glasblokkene i haust. Det vil også komme informasjon om eventuelle endringar i kontaktinformasjon, melderutiner eller tilvising og anna frå einingane. Sida vil bli oppdatert. ​

tverrsnitt_foto

Barne- og ​​ungdomsklinikken ​

Barne- og ungdomsklinikken flyttar ut frå Marie Joys' hus og vil helde til i Glasblokkene frå 23. oktober. Barne- og ungdomsklinikken sine einingar som har vore i trinn 1 (blokk 1-4) skal fortsatt være der, medan dei andre no flytter over til det nyopna nabobygget (blokk 5-8). 

Barne- og ungdomsklinikken er organisert som før, men har delt inn poliklinikkane etter fagområder. Sengeposter har også fått nye navn. 

Mottaket i Marie Joys' hus vert også flytta til Glasblokkene, og tar i mot paseintar som tidlegare. Det er ein ny innkøring for ambulanser som går mellolm GLasblokkene og Sentralblokka og ned i parkeringsdekket og inngangen her. Kvinner som kjem i privatbil når dei skal føde vil også nytte ambulanseinngangen og går via mottak til fødeavdelinga. 

Dei kirurgiske polikl​inikkane 

Dei kiurgiske poliklnikkane har fram til no delt lokaler med vakseneningane i Senralblokka. Aktiivtet knytta til barn og unge er no skilt ut, og flyttar inn i Glasblokkene. dette gjelde følgane poliklinikkar: 

  • Øyre-, nase-, halspoliklinikk, barn og unge  
  • Kjevepoliklinikk, barn og unge 
  • Plastikkirurgisk poliklinikk, barn og unge 
  • Ortopedisk poliklinikk, barn og unge  
  • Fysioterapi, Kvinneklinikken  (Blokk 8) 
  • Fysioterapi, barn og unge  
Radiolog avde​​​​ling, barn og unge 
I Glasblokkene vil barn og unge få radiologiske tjenester som røntgen, gjennomlysning, ultralyd, MR og OPG/ CBCT. Radiologisk held til i U1. 

Blodprøvetaki​ng og laboratorium ​

Laboratoriet er lokalisert i første etasje, blokk 6. Dette er i samme areal som hovedinngangen, bak resepsjonen. Opningstid for prøvetaking er mandag til fredag kl. 08.00 til 15:30. Det er ikkje timebestilling til blodprøvetaking i opningstida. Pasientane må nytte innsjekksautomat med “drop in” funksjon for blodprøvetaking. 

Medisin​​​sk klinikk

Medisinsk klinikk vil også ha tenester i Glasblokkene 

  • Klinisk ernæring, barn og unge 
  • Sosionomtenester, barn og unge  

Palliativ sengepost 

Eininga flyttar inn i 5. etasje i blokk 5 i Glasblokkene. 

Kvinneklinikken​ 

Kvinneklinikken flyttar inn 7. november 2023. Du finn all naudsynt informasjon på eigne sider: helse-bergen.no/KKflyttar​ 

Op​​erasjon 

Det er 12 operasjonssaler i Glasblokkene. Vi tar i bruk dei 6 stovene i U2 for pasientar frå Kvinneklinikken i novemver. Frå 2023 vi gradvis ta i bruk stovene i U1 for kirugi på barn. 

Sida vil bli oppdatert. 
Sist oppdatert 11.08.2023