Angstplager

Det å vere bekymra eller redd er ein naturleg del av det å vere menneske. Om angsten er så sterk at den påverkar livskvalitet og livsutfolding, er det viktig å søke hjelp. Skille mellom normal bekymring og angst er glidande. Det er eit spørsmål om kor ofte og kor mykje. Det er når angsten går utover korleis barnet eller ungdommen fungerer i kvardagen, at ein snakkar om angstlidingar.

​I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å redusere og meistre angst. Milde til moderate angstplager skal vanlegvis bli behandla i kommunen. Moderate til alvorlege angstplager gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Angst er overdriven frykt og uro. Den gjer at kroppen og sinnet raskt forbereder seg på ei utfordring eller fare. Angstplager kan gje mykje ubehag og påverkar barn og ungdom sin livskvalitet heime, på skulen og blant venner. Det finst ulike typar angstplager. Nokon får angst av bestemte ting eller situasjonar, som sprøyter, edderkoppar, ta heis eller vere i store folkemengder. Bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet utan at du veit kva du er redd for er også ein form for angst. Nokon får også plutselege panikkanfall.

Angst er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom. Ein reknar med at rundt 20 prosent av barn og unge slit med teikn på angst. Tre til fem prosent har så alvorlege plager at dei får diagnosen angstliding. Førekomst er høgast blant jenter og blant barn og ungdom over 12 år.

Det er vanleg å dele angst inn i ulike typar: separasjonsangst, fobiar, sosial angst, generalisert angst, panikkangst og tvangslidingar. Separasjonsangst og spesifikke fobiar er dei vanlegaste formene for angst hos barn i førskulealder og tidleg skulealder. Sosial angst, generalisert angst og andre angstlidingar kjem vanlegvis etter tiårsalderen. Det kan være vanskeleg å skilje dei ulike typane angst frå kvarandre, og dei ulike typane vil ofte overlappe kvarandre.

Årsaka til at nokon utviklar angst er samansett. Livshendingar, ubehagelege opplevingar eller belastningar kan være med å utløyse angstplager. Miljøfaktorar som mobbing, skilsmisse, konfliktar i familien eller andre psykososiale belastningar kan og bidra til utvikling av angst. Forsking peiker på at genetiske faktorar og temperament speler ei rolle.

Førebygging og tidlege tiltak er viktig. For mange barn og ungdom vil angstplagene gå over av seg sjølv eller når dei får hjelp med aktuelle belastningar i livet. Andre treng tiltak og behandling spesifikt for angstplagene. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst. ​

Kven gjer ​​kva

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Ved bekymring kring barn/ungdom si psykiske helse er fastlegen si rolle å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse, samt kartlegge psykososiale forhold som kan påverke barnet si helse og utvikling. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Kartlegging ved angstplager

Fastlegen kartlegg gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Ei kartlegging vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Pasientens symptom, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp.
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet og deira ønske om hjelp.
  • Somatisk historikk og somatisk status
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Søvnproblem
  • Rusmiddelproblem
  • Krenkingar som f.eks. overgrep eller andre psykososiale belastningar
  • Informasjon frå pårørande og ev. andre instansar om kva tiltak og tenester som er prøvd ut
  • Fastlegen si vurdering av vanskane til barnet/ungdommen og alvor av symptoma

Mange barn og unge kan ha periodar der dei er engstelege eller vegrande, utan at det er problematisk. Det er først når plagene varer over tid og viser seg i mange situasjonar, at ein bør bli bekymra. Tommelfingerregel for vurdering av angstplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om angstplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule.

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i kartlegginga av vanskane. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved angstplager

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette.
  • Milde til moderate angstplager skal vanlegvis bli behandla i kommunale tenester som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tilbod.
  • Ved mistanke om moderat til alvorlege angstplager bør ein vurdere tilvising til BUP. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør ein vurdere tilvising til BUP også ved lettare angstplager.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising; : Henvisning og start - Helsedirektoratet. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP.

Oppsummeringar frå andre instansar kan sendast som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov. Ved behov for snarleg hjelp må fastlege bruke tilbodet til BUP om rask vurdering/augeblikkeleg hjelp

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Ved angstplager vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen, kommunepsykolog og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolla som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Kartlegging ved angstplager

Ved mistanke om psykiske vanskar bør helsestasjonen/skulehelsetenesta kartlegge vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen.

Mange barn og unge kan ha periodar der dei er engstelege eller vegrande, utan at det er problematisk. Det er først når plagene varer over tid og viser seg i mange situasjonar, at ein bør bli bekymra.

Det er mange årsaker til at barn og unge er engstelege. Ein bør derfor utforske breitt faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Kva situasjonar angsten oppstår i, og situasjonar barnet/ungdommen unngår
  • Styrkane, ressursane og interessene til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehage/skule, konfliktar og mobbing
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster, bruk f.eks. «Søvndagbok»
  • Kosthald og måltid, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Vold, overgrep og omsorgssvikt
  • Sjølvskading og suicidalitet
  • Bruk av sosiale medium og spel

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av angstplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om angstplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule. Ved tvil om grad av alvor, bør ein konsultere psykisk helseteneste eller kommunepsykolog før igangsetting av tiltak.

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen/skulen, belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i kartlegginga av vanskane. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved angstplager

Ved lettare angstplager kan aktuelle tiltak frå helsestasjon og skulehelsetenesta vere:

  • Samtaler, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der det blir lagt vekt på å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd når barn/ungdom har angstplager.
  • Tiltak retta mot psykososiale belastningar som plagar barnet/ungdommen.
  • Miestringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, Hei-spelet, Mestringskatten eller KAT-kassen.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om tiltak i barnehagen/skulekvardagen.
  • Hjelpe barnet/ungdommen til å øve seg på situasjonar dei helst vil unngå (ev. under rettleiing frå psykolog i kommunen eller BUP).
  • Gruppetilbod til barn/ungdom dersom kommunen har dette tilbodet, f.eks. kan ein bruke manualbaserte program som «Mestringskatten», «Cool Kids» eller «Friends».
  • Kurs, grupper eller programbasert rettleiing for føresette, dersom kommunen har dette tilbodet. 

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Ved tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta er det venta at ein ser betring etter kort tid. Dersom det ikkje blir noka betring eller symptom blir forverra, må ein kople på aktuelle fagpersonar i kommunen eller fastlege for vurdering og drøfting av tiltak.

Tilvising til andre teneste

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Samarbeid med andre tenester

Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, PPT, fastlege, fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste og BUP. Ofte kan ein kombinere samtaler hos helsesjukepleier med tiltak frå BUP eller fastlege, men då må roller og ansvar vere avklart.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator.  Helsesjukepleiar kan vere koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagen si rolle å fange opp teikn og signaler ved barnet som gir grunn til uro for barnets psykiske helse eller utvikling. Barnehagen skal samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får hjelp frå rett teneste.  

Kartlegging ved angstplager

Teikn som gir grunn til uro for eit barns psykiske helse eller utvikling, er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Mange barnehagebarn kan ha periodar der dei er forsiktige eller vegrande, utan at det er problematisk. Det er først når plagene varer over tid og viser seg i mange situasjonar, at ein bør bli bekymra.

Vær merksam på at vegring og angst hos barn kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller belastningar i familien. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved mistanke om angstplager hos eit barn kan kartlegginga i barnehagen innehalde:

  • Observer teikn på vegring og angst og i kva situasjonar det oppstår, ved å legge merke til om barnet
    • er engsteleg ved separasjon frå føresette eller andre og er klamrande på vaksne
    • stadig uroar seg
    • strevar i samspel med andre barn og vaksne, tar lite initiativ overfor andre barn og trekk seg tilbake sosialt
    • har vanskar med å delta i felles aktivitetar i barnehagen
    • har stadige «vondter»
    • har angstepisodar med panikkanfall og pustevanskar og unngår personar, stader, aktivitetar eller situasjonar som kan skape ubehag.
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste). Bruk verktøy frå Barnesamtalen: Barnesamtalen - Dialogmodellen - Dialogmodellen og dokumenter samtalen.
  • Kartlegg det psykososiale miljøet i barnehagen.
  • Kartlegg den generelle utviklinga til barnet.
  • Vurder sosial samhandling og leikekompetanse, eksempelvis ved bruk av «Alle Med» eller «TRAS».
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Ved behov kan ein drøfte sak med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå  føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege utfordringar barnet står i Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad ved angstplager er evna barnet har til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om plagene påverkar barnet si fungering i barnehagen.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved angstplager

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Samtale med føresette ved behov
  • Tilby tett oppfølging ved behov slik at barnet får oppleving av å høyre til og får tryggleik til å leike, utforske og lære
  • Legge til rette rundt barnet ut frå behov; små barn med vanskar er særleg sensitive for overgangar og det er derfor viktig å sikre desse
  • Bruk tryggleikssirkel og sikre at barnet får trygg tilknyting til barnehagepersonalet
  • Arbeide med forståing av ulike følelsar og korleis ein handterer følelsar i barnehagegruppa
  • Øve gradvis på det barnet opplever som utrygt, med stor grad av tilrettelegging
  • Kontakte PPT for rettleiing på systemnivå. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen/fylkeskommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse).

Tiltaka i barnehagen skal bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i samråd med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal det ein gang årleg bli utarbeidd ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon og psykisk helseteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Andre aktuelle samarbeidspartnarar ved angstplager er helsestasjon, psykisk helseteneste, fysio- og ergoterapiteneste og BUP.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak. 

Kartlegging ved angstplager

Teikn på psykiske helseproblem hos ein elev kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven.

Det er viktig å vere merksam på at elevar kan ha periodar der dei er meir forsiktige eller vegrande, utan at det er problematisk. Det er først når plagene varer over tid og viser seg i mange situasjonar, at det er grunn til bekymring. Ver merksam på at angst og bekymringsplager kan vera teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i klassen eller på skulen. Angstplager kan òg vere teikn på belastningar i familien, situasjonen til dei føresette eller mangelfull omsorgssituasjon, vald eller overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til eleven i kartlegginga av vanskane. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Om ein blir bekymra for omfanget av angstplager hos ein elev, er følgande kartlegging å anbefale:

  • Observer teikn på angstplager og i kva situasjonar det oppstår, ved å legge merke til om eleven;
    • stadig uroar seg
    • strevar i samspel med andre elevar og trekker seg tilbake sosialt
    • viser ubehag i sosiale situasjonar og har vanskar med å snakke høgt i klassen
    • har stadige «vondter»
    • har angstepisodar med panikkanfall og pustevanskar 
    • unngår personar, stader, aktivitetar eller situasjonar som kan gi ubehag
    • har høgt skulefråvær
  • Samtale med eleven. Sett ord på det du har observert, og få tak i oppfatninga eleven har av vanskane, og om han/ho ynskjer hjelp. Informer eleven om at det er viktig at føresette får informasjon og avtal om eleven skal vere med på samtalen.
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim-samtale så raskt som mogleg, etter avtale med eleven. Få fram forståinga dei føresette har av utfordringa og deira ønske om hjelp. Be om samtykke til vidare kartlegging og drøfting.
  • Kartlegg det sosiale miljøet i klassen og eventuelt førekomst av mobbing. Angstproblematikk kan vere reaksjon på vanskar i læringsmiljøet som må løysast.
  • Ta opp bekymring rundt enkeltelev med skuleleiing/støtteapparat, skulen sitt tverrfaglege team eller  andre etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon. Ein kan drøfte sak med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå eleven og føresette.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege utfordringar eleven står i og om han/ho har behov for vidare kartlegging og oppfølging. Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad ved angstplager er evna eleven har til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om plagene påverkar om eleven fungerer i skulen.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved angstplager

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov.

Om ein elev viser teikn på angstplager i skulekvardagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Etabler ein trygg relasjon og ha regelmessige samtaler med eleven.
  • Jobb med klassemiljøet og legg til rette for trygge og gode relasjonar til medelevar.
  • Vektlegg klasseleiing og eit trygt læringsmiljø.
  • Grip inn dersom det viser seg å vere mobbing i klassemiljøet.
  • Lag planar for skulekvardagen som gir eleven ei oppleving av kontroll.
  • Gi god informasjon når aktivitetar ikkje følger det vanlege mønsteret.
  • Utarbeid ein plan for prøver og evalueringar og sørg for at eleven er godt kjent med denne.
  • Eleven treng å bli utfordra. Å unngå situasjonar vil berre forsterke vanskane. Legg vekt på at eleven skal meistre situasjonar som skaper ubehag.
  • Registrer fråvær og sett inn tiltak ved behov.
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette, etter dialog med elev, og ha regelmessige skule-heim- samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime. 
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft behov for å tilvise eleven til PPT.
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak som skildrar tilbodet eleven skal få (varigheit, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen bør bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Skulen bør samarbeide med dei som gir oppfølging og behandling. Oftast er det kommunale instansar, som skulehelsetenesta, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som behandlar angstplager. Ved alvorlege angstlidingar vil det vere aktuelt å samarbeide med og få rettleiing frå BUP. Som del av behandlinga kan det vere aktuelt med tiltak som eksponeringsøvingar i skulekvardagen. Det er helsetenesta som har ansvar for å lage ein plan for og gjennomføre eksponeringa.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova.

Kartlegging ved angstplager

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved angstplager. Barnehagen/skulen kan be om bistand frå PPT dersom barnet/eleven sine vanskar går utover leik , utvikling og samspel i barnhagen eller opplæringssituasjonen i skulen. Angstplager kan også kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller på skulen, belastningar i familien eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og familien i kartlegginga av vanskane. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Kartlegging knytt til sakkunnig vurdering:

  • I samtale med individet prøvar vi å få fram styrker fagleg og sosialt, utfordringar, oppleving av behov og ynskje om hjelp.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport
  • Føresette si vurdering av behova til barnet/ungdommen
  • Teikn på angstplager  og om angstplagene går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller opplæringssituasjonen i skulen
  • Kartlegging av generell utvikling og utviklingsnivået til barnet/ungdommen, samt eventuelle lærevanskar.
  • Kartlegging av kognitiv utvikling og språk ved indikasjon
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Kartlegging av barnehage- og skulemiljø:

  • Kartlegge system/miljø/omgivnadar
  • Gjennom observasjon og samtale, gjer PPT ei vurdering av barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing.
  • Vurdere tryggleik og struktur.

Ut frå kartlegginga skal PPT vurdere om angstplagene går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller læring og utbytte av opplæringa i skulen og om han/ho har krav på spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. ​

Tiltak ved angstplager

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av  barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for barn og ungdom med særskilte behov. PPT skal bistå barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling dersom eininga ber om dette jmf. Barnehagelova/Opplæringslova. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak og barnehagen/skulen skal utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå.

Ved angstplager kan aktuelle tiltak frå PPT vere:

  • Rettleie barnehage/skulen i korleis dei skal legge til rette  for og sikre rettane barnet/ungdommen har, etter barnehagelova og opplæringslova.
  • Rettleiing på systemnivå for å sikre forståing av angst og effekt på utvikling og læring, og sikre at barnet/ungdommen blir møtt på gode måtar
  • Gi opplæring til barnehage/skule i metodar som psykologisk førstehjelp og KAT-kassen.
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette.                                                                        

Resultat av tiltak som er sett i verk bør jamleg evaluerast. Evalueringa kan ofte gjennomførast av barnehage/skule og føresette, eventuelt i samarbeid med involverte instansar. PPT deltek i evalueringa ved behov. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

I saker der PPT bistår, og ved mistanke om psykiske helseplager, kan barnehage/skule i samarbeid med PPT sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Det må føreligge samtykke.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar bør barnet/ungdommen bli tilvist BUP. Dersom barnet/eleven allereie er tilvist PPT for sakkyndig vurdering, kan PPT bidra med tilvising til spesialisthelsetenesta. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Tilvisar kan be om eventuelle saksopplysningar frå PPT og kopi av utarbeidd sakkyndig vurdering kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ei av oppgåvene til PPT er å støtte barnehage og skule i arbeid med tilrettelegging for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa barnehage og opplæringstilbod. I det tverrfaglege samarbeidet kan PPT bistå med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging og behandling som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, fysio- og ergoterapitenesta, barneverntenesta, fastlege og BUP. Ved utgreiing i BUP bør PPT dele saksopplysningar og delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan delta i samarbeidsmøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Kommunen skal sørge for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager. Tenestetilbodet skal vere kommunens psykiske helseteneste til barn og unge og komme i tillegg til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon- og skulehelsetenesta og fastlegen. Tenesta skal kartlegge hjelpebehovet hos barn og unge med psykiske plager og tilby behandling og oppfølging.

Kartlegging ved angstplager

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Det er mange årsaker til angstplager hos barn og unge. Det er derfor viktig å utforske eit breitt spekter av faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Kva situasjonar barnet/ungdommen unngår på grunn av angstsymptom
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel og venneforhold
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav, meistringsstrategiar
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, nettverk og ressursar i familien, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Barnehage/klassemiljø, konfliktar og mobbing frå andre barn/ungdom eller vaksne
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Ved indikasjon: spør særleg etter 1) traumatiske hendingar, vald, overgrep 2) sjølvskading og sjølvmordsrisiko og 3) rusvanar og bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette / ungdom.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av angstplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om angstplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule.

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen/klassen, belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i kartlegginga av vanskane. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved angstplager

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Psykisk helseteneste kan gi behandlingstilbod til barn og unge med milde til moderate angstplager. Aktuelle tiltak kan vera:

  • Samtaler, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der ein legg vekt på å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd når barn/ungdom har angstplager, enten individuelt eller i gruppe.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, KAT kassen og andre liknande verktøy
  • Enkle eksponeringsøvingar der barnet/ungdommen øver seg i situasjonar dei helst vil unngå (ev. under rettleiing frå kommunepsykolog eller BUP)
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i kvardagen
  • Tiltak retta mot psykososiale belastningar som plagar barnet/ungdommen
  • Gruppetilbod til barn/ungdom dersom kommunen har dette tilbodet, f.eks. kan ein bruke manualbaserte program som «Mestringskatten», «Cool Kids» eller «Friends».
  • Kurs, grupper eller manualbaserte rettleiingsprogram for føresette dersom kommunen har slike tilbod, eksempelvis COS-P og tryggleikssirkel for føresette.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Evaluering av tiltak kan bli gjort ved å gjennomføre ny kartlegging av symptom. Dersom ein ikkje ser betring, eller symptoma blir verre, er det tilrådd at ein får i gang eit samarbeid med fastlege for somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ved angstplager vil dei mest sentrale samarbeidspartnarane vere barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege og BUP. Ved behov for vidare kartlegging av utviklinga eller læringa til barnet/ungdommen, må tenesta drøfte med barnehagen/skulen og PPT om det kan vere grunnlag for tilvising til PPT. Psykisk helseteneste kan tilvise til og samarbeide med ergo og fysioterapiteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Kartlegging ved angstplager

Fysio- og ergoterapitenesten er ikkje ei primær hjelpeteneste ved angstplager, men barn/ungdom kan bli tilvist for vurdering av fysiske plager, spenningar og kroppsleg stress relatert til angstplagene.

Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behov og ønske om hjelp
  • Motorikken til barnet/ungdommen og ferdigheiter i kvardagen
  • Funksjon på ulike arenaer og deltaking i organiserte aktivitetar
  • Kartlegging av angstsymptom og i kva situasjonar angst oppstår
  • Om angsten påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer fysisk, bevegelse og motorikk
  • Responsen barnet/ungdommen har på ulike sanseuttrykk (sansemodulering/sanseintegrasjon)
  • Om barnet/ungdommen har plager i muskel og skjelettapparat
  • Innhente opplysningar frå andre instansar

Ut frå kartlegging vurderer ein vanskane og kva som kan vere aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapitenesta

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen . Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved angstplager

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka.
  • Utvikle og styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring i staden for å unngå situasjonar.
  • Hjelpe barnet/ungdommen å oppleve forståing av angstsymptoma og livssituasjon eller hendingar, gjennom kroppsleg tilnærming og refleksjon rundt kroppslege symptom.
  • Hjelpe barnet/ungdommen med å redusere spenningar og kroppsleg stress.
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis dei kan tilpasse opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar, slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider med barnehage, skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, kommunal psykisk helseteneste, kommunepsykolog og fastlege. Instansar utanfor kommunen kan vere habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet sikre at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernet er regulert i barnevernslova.

Kartlegging ved angstplager

Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege åtferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom. På bakgrunn av bekymringsmeldinga gjer barnevernet ei undersøking.

Som del av undersøkinga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som har oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har, og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Familieforhold, inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing frå medelevar eller lærar
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Bruk av sosiale medium og spel

Barnevernet må gjere ei vurdering av kor alvorlege vanskane er, og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane.

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i vurderinga. Ein bør vere særleg merksam på samspelsvanskar i familien og teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Etter undersøking og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein plan for oppfølging saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved angstplager

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierettleiing
  • Familierådslag og nettverksmøter
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med dei forskjellige instansane som familien er i kontakt med

Tiltaka frå barnevernet og planen for oppfølging blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen. Korleis og kven som skal vere med på evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • tilbakemeldingar frå andre instansar
  • status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

I aktive saker samarbeider barneverntenesta med dei instansane som er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke.. Oftast er det kommunale instansar som helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykisk helseteneste som gir oppfølging og behandling ved angstplager. Ved meir alvorlege plager vil det vere aktuelt å samarbeide med fastlege og BUP. Dersom vanskane påverkar utvikling eller læring, bør ein drøfte med skule om det er grunnlag for å tilvise saken til PPT.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Eininga er ulikt organisert i kommunane, men har tett samarbeid med helse- og omsorgstenesta internt i kommunen, spesialisthelsetenesta og andre sektorar.

Kartlegging ved koordinerande eining

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt forløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved angstplager

I tråd med nasjonalt pasientforløp skal BUP gjere ei grunnleggande basisutgreiing som kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • Oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • Ressursar, styrkar og interesse
    • Symptom, vanskar, funksjon
    • Psykisk status
    • Sjølvmordsfare
    • Behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i sped- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ved behov gjennomfører BUP ei utvida utgreiing. Tommelfingerregel for vurdering av angstplager er barnet eller ungdommen si evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og om angstplagene påverkar korleis han/ho fungerer i barnehage/skule. Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved angstplager kan utvida utgreiinga innehalde:

  • Standardiserte instrument for å måle intensitet i angstplagene
  • Observasjon av barnet i barnehage / skule, heime eller i samspel med foreldre
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar, inkludert samtale med pedagog/lærar
  • Legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar
  • Kognitiv vurdering ut frå indikasjon

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.

Tiltak ved angstplager

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som skildrar planlagde tiltak. Aktuelle tiltak i BUP kan vere:

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Psykoedukativ tilnærming til både barn, familie og ev. nærmiljø.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar og psykososiale belastningar i familien og det nære miljøet til barnet/ungdommen.
  • Sørge for at barnet/ungdommen har tilgang til trygge vaksne.
  • Tiltak i barnehage/skule/fritid.

Psykoterapi

  • Kognitiv åtferdsterapi er behandlingsmetoden som har best kunnskapsgrunnlag ved angstlidingar. Behandlinga kan skje individuelt eller i gruppe, og foreldreinvolvering er viktig, spesielt for yngre barn. Tilnærminga må tilpassast alderen til barnet. Behandlinga inneheld mellom anna:
    • Samtale om tankane og følelsane barnet har, med vekt på emosjonsregulering, stressmeistring og problemløysing.
    • Opplæring til barnet/ungdommen og føresette om angst. Det er viktig at føresette får informasjon om korleis dei kan støtte barnet/ungdommen i å meistre angsten.
    • Eksponeringsøvingar der barnet/ungdommen systematisk eksponerer seg for situasjonar eller følelsar han/ho helst vil unngå. Målet er at barnet/ungdommen skal erfare at han/ho klarer å vere i den angstprovoserande situasjonen og meistrar angsten.
    • Endring av tankemønster og lære ein meir hensiktsmessig og realistisk tenking rundt det ein har angst for. Sosial ferdigheitstrening, særleg aktuelt ved sosial angst.
  • Andre behandlingsformer kan vere aktuelle der vanskane er komplekse, eller der barnet/ungdommen ønsker det.
  • Behandling for tvangslidingar er organisert i eigne OCD-team i spesialisthelsetenesta.

Medikamentelle og somatiske tiltak

  • Medikamentelle tiltak kan ein vurdere ved behov og berre dersom psykoterapi aleine ikkje gir effekt. Skal alltid bli brukt saman med psykososial intervensjon.                                       
  • Døgnrytme og søvnmønster.
  • Auke fysisk aktivitet og trening.

Tiltaka ska bli evaluert løypande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg barnehage/skule, helsesjukepleiar, fastlege, psykisk helseteneste i kommunen, kommunepsykolog, PPT og fysio- og ergoterapiteneste.

Dersom eksponering og åtferdseksperiment skal skje i barnehage/skule, bør det vere tett samarbeid om plan for eksponering, og det bør vere tilbod om rettleiing til den som gjennomfører eksponeringa. Dersom angsten fører til funksjonsfall og høgt fråvær, må det samarbeidast om tilrettelegging i ein periode. Tilrettelegginga må skje i samsvar med behandlingsplan.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Informasjon/tilvising til andre tenester

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.         

Barn og unge har rett til å medverke

FNs barnekonvensjon sikrar barn og unge grunnleggande rettar i møtet med tenesteapparatet.
Om samtalar med barn og unge
Ung jente sitter omringet av fire kvinner på et svaberg med havet i bakgrunnen. Foto

Tilbodet i din kommune

Les meir om det helsetilbodet til barn og unge. Vel din kommune.
Les meir om helsetilbodet
Kart over samarbeidskommunene i Helse Bergen sitt opptaksområde. Grafikk
Sist oppdatert 26.08.2023