Angst hos barn og unge
Angst er ein følelse av uro, spentheit og nagande forventning om at noke farleg kan hende, eller ein stor fryktreaksjon på ei hending. Angst kan også prege barn/unge i ei slik grad at det er nødvendig med oppfylging av helsevesenet.
Tilvising og vurdering
Det er fastlege, psykolog eller barnevernsleiaren som kan tilvise deg til spesialisthelsetenesta.
Utredning
Utgreiinga og dei nemde undersøkingane og samtalane skal skje i innan seks til tolv veker. I denne perioda finn vi ut kva for behandling som er best for deg. Som regel føregår behandlinga i poliklinikken.
Behandling
Det blir laga ein behandlingsplan for deg dersom du får ei angstdiagnose. Den blir laga saman med deg og dine føresette. Denne planen skal vere konkret, den skal beskrive tiltak for møte med oss og om vi anbefaler medisinering. Planen skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.
Målet med behandling av angst er å lage tilpassingar i kvardagen, slik at du kan leve lettare med angst.
Oppfølging
I oppfølginga blir det gjort ei oppsummering og evaluering av behandlinga.
Det blir gitt informasjon og opplæring til deg som er pasient, føresette, barnehage eller skulen og eventuelt barnevernstjenesta. Vi skriv eit samandrag (ei såkalla epikrise) av det som gjeld for deg, og sender den til dei som har tilvist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for vidare oppfølging.
Relevante lenker:
Nasjonale retningslinjer (Psykisk helsevern for barn og unge)
Kontakt
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.