Når tilvisinga er vurdert og det blir rett gitt til nødvendig helsehjelp, vil barnet/ungdommen bli innkalla til ein inntakssamtale.
Utgreiing av psykiske lidingar hos barn/ungdom som blir tilvist til Psykisk helsevern barn og unge, vil alltid skje i samarbeid med foreldre/føresette, skule og ansvarlege i førstelinjetenesta i kommunen.
I ein utgreiingsfase må ein vurdere ulike faktorar som kan påverke symptom og funksjon, både familiemessige, sosiale, individuelle, psykologiske og biologiske faktorar. Det er nødvendig med ei heilskapleg forståing og kartlegging av årsaka til dei aktuelle symptoma. Korleis ein forstår symptoma, er avgjerande for kva tiltak som blir sette i gang og type behandling barnet/ungdommen får tilbod om.
Utgreiingsplan blir utarbeidd på bakgrunn av tilvising og inntakssamtale. Planen inneheld oversikt over planlagd utgreiing og blir lagd fram for pasient/føresett.
Utgreiinga skjer poliklinisk og består av samtalar med barnet/ungdommen og foreldre/føresette. Bruk av ulike kartleggingsverktøy og testar i forhold til symptom på psykiske vanskar og funksjon kan vere aktuelt. Innhenting av skuleinformasjon og kontakt med andre relevante samarbeidspartnarar er oftast sentralt. Somatisk vurdering blir gjord av fastlege eller lege i Psykisk helsevern barn og unge.
Etter enda utgreiing skal ein gjennomføre ei diagnostisk vurdering.
Dersom barnet/ungdommen har vanskar med å møte opp i poliklinikken blir besøk heime vurdert (ambulant), og er bekymringa stor og vi ikkje kjem i mål med poliklinisk- eller ambulant oppfølging kan ein vurdere behov av innlegging i døgneining.