Urovekkjande skulefråvær og alvorleg funksjonstap hos barn og unge

Barn og unge med urovekkjande skulefråvær og alvorleg funksjonstap er ei pasientgruppe som er vanskeleg å definere. Årsakene verkar ofte samansette og utfordrande å greie ut poliklinisk, for deretter å plassere inn i ein diagnostisk kategori. Det er ofte nødvendig å setje i gang tiltak tidleg, parallelt med utgreiing. Dette skal skje i samarbeid med heim og skule.

Det er lege, psykolog, helsesjukepleiar, barne- og familieteneste, PPT og barnevern som tilviser til Psykisk helsevern barn og unge. Alle tilvisingar skal vere vurderte og underskrivne av lege, psykolog eller barnevernsleiar, og det skal brukast eit eige tilvisingsskjema som blir sendt til lokal allmennpoliklinikk.

Tilvisingsgrunnar kan vere ulike, men skulevegring eller skulefråvær i stor grad er ofte ein del av beskrivinga. Tilvisinga skal vurderast innan 10 vyrkedagar. Frist for behandlingsstart blir sett ut i frå prioriteringsrettleiaren og symptombeskrivingar.

Alle førespurnadar om akutthjelp bør skje gjennom fastlege eller via legevakta og kontakt blir oppretta med lokal allmennpoliklinikk.

Prioriteringsrettleiar – psykisk helsevern for barn og unge (Helsedirektoratet)

Utgreiing

Når tilvisinga er vurdert og det blir rett gitt til nødvendig helsehjelp, vil barnet/ungdommen bli innkalla til ein inntakssamtale.

Utgreiing av psykiske lidingar hos barn/ungdom som blir tilvist til Psykisk helsevern barn og unge, vil alltid skje i samarbeid med foreldre/føresette, skule og ansvarlege i førstelinjetenesta i kommunen.

I ein utgreiingsfase må ein vurdere ulike faktorar som kan påverke symptom og funksjon, både familiemessige, sosiale, individuelle, psykologiske og biologiske faktorar. Det er nødvendig med ei heilskapleg forståing og kartlegging av årsaka til dei aktuelle symptoma. Korleis ein forstår symptoma, er avgjerande for kva tiltak som blir sette i gang og type behandling barnet/ungdommen får tilbod om.

Utgreiingsplan blir utarbeidd på bakgrunn av tilvising og inntakssamtale. Planen inneheld oversikt over planlagd utgreiing og blir lagd fram for pasient/føresett.

Utgreiinga skjer poliklinisk og består av samtalar med barnet/ungdommen og foreldre/føresette. Bruk av ulike kartleggingsverktøy og testar i forhold til symptom på psykiske vanskar og funksjon kan vere aktuelt. Innhenting av skuleinformasjon og kontakt med andre relevante samarbeidspartnarar er oftast sentralt. Somatisk vurdering blir gjord av fastlege eller lege i Psykisk helsevern barn og unge.

Etter enda utgreiing skal ein gjennomføre ei diagnostisk vurdering.

Dersom barnet/ungdommen har vanskar med å møte opp i poliklinikken blir besøk heime vurdert (ambulant), og er bekymringa stor og vi ikkje kjem i mål med poliklinisk- eller ambulant oppfølging kan ein vurdere behov av innlegging i døgneining.

Behandling

Behandlingstiltaka vil vere avhengig av kva vi kjem fram til i utgreiinga. Kva behandlingstilnærming vi vel er avhengig av barnets /alderen til ungdommen, ressursar, utvikling, eventuell tilleggsproblematikk og funksjonsnivå.

Behandlingstiltaka vil skje i tett samarbeid med foreldre/føresette og ansvarleg i førstelinjetenesta i kommunen. Det bør så tidleg som mogleg bli utarbeidd ein plan for gradvis auka deltaking i skulen.

Behandlingsplan blir utarbeidd på grunnlag av konklusjonen etter diagnostisk vurdering og inneheld ein kort gjennomgang av utgreiing, konklusjon og føreslåtte tiltak. Planen blir drøfta og justert i samråd med pasient/føresett.

Behandling vil fortrinnsvis skje poliklinisk. Dersom barnet/ungdommen har vanskar med å møte opp i poliklinikken blir besøk heime vurdert (ambulant).

Om polikliniske -og/eller ambulante behandlingstiltak ikkje fører fram, og det er stor bekymring kan ein vurdere behov av innlegging ved døgneining.  

Oppfølging

Om barnet/ungdommen er i behov av ei oppfølging som kan varetakast på kommunehelsetenestenivå, skal han/ho overførast til kommunal oppfølging og behandlinga kan avsluttast av Psykisk helsevern. Det vil vere viktig å starte eit samarbeid med andre instansar knytte til skuledeltaking forut for avslutning.

BUP-klinikk avsluttar saker som hovudregel når ungdommen er 18 år. Dersom ungdommen blir rekna for å ha behov for vidare behandling/oppfølging utover fylte 18 år kan det vere aktuelt å overføre saka til Psykisk helsevern for vaksne.

Epikrise skal sendast innan 7 yrkedagar etter avslutning (til tilvisande instans).

Kontakt

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.