Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodprøve hos barn

Ved blodprøve tappar vi litt blod frå barnet og undersøkjer det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen. Det kan vi sjå ved å studere talet på blodceller og samansetningar av ulike biokjemiske stoff. Ein blodprøve blir teken for å finne normale eller sjuklege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøven til å sjå om barnet har fått i seg legemiddel eller giftstoff.

Blodprøveglass på blå bakgrunn

Vi har flinke og erfarne prøvetakarar med gode prosedyrar for blodprøvetaking på barn. Saman med oss kan du vere med på å gjere opplevinga av blodprøve så god som mogleg for ditt barn. At barnet får ei god oppleving med blodprøvetaking, har også betydning for barnet ved framtidige møte med helsetenesta.

Førebuing er viktig

Den viktigaste jobben du som pårørande kan gjere er å vere godt førebudd sjølv, førebu barnet og vere ei god støtte under sjølve prøvetakinga. På denne sida finst nyttig informasjon og verktøy som du kan bruke til førebuing.

Fire enkle trinn for å førebu blodprøvetaking:

  • Sett av god tid, gjerne ein time, til heile besøket på sjukehuset.
  • Førebu barnet ved å fortelje kva som skal skje med nøytrale ord, sjå under korleis det kan gjerast.
  • Vurder å bruke lokal smertelindring i olbogegropa der blodprøva blir teken. Lokal smertelindring finst som bedøvingskrem eller -plaster og de kjøper det sjølv på apoteket.
  • Dersom du sjølv er redd for å ta blodprøvar, kan det vere lurt at nokre andre følgjer barnet. Barnet vil merke om du er redd eller stressa, og kan dermed bli redd sjølv.

 

 

Før

Under

Etter

Kontakt

Poliklinikk for prøvetaking i Glasblokkene

Kontakt Poliklinikk for prøvetaking i Glasblokkene

Oppmøtestad

Glasblokkene er lokalisert nord for Sentralblokka på Haukelandsområdet. Poliklinikk for prøvetaking er i Blokk 6, 1 etg. 

Fra hovudinngang fra bakkeplan: Følg skilting til blokk 6 og deretter mot Laboratoriet.

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:00
Endra opningstid
  • 24. desember 08:00 - 12:00
  • 25. desember STENGT
  • 26. desember STENGT
  • 31. desember 08:00 - 12:00
  • 01. januar STENGT