Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hysteroskopi ved barnløshet

Hysteroskopi betyr å sjå inn i livmorhola, og operativ hysteroskopi betyr at det blir utført ein operasjon på innsida av livmora. På bakgrunn av ultralydundersøking hos gynekologen din kan det vere påvist forandringar som bør fjernast, for å betre forholda for graviditet. Det kan for eksempel vere polyppar, muskelknutar eller skiljevegg i livmora. Formålet med inngrepet er både å vurdere korleis livmorhola ser ut, og samtidig fjerne forandringar for å betre forholda for graviditet.

Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist av gynekolog som ledd i utgreiing og behandling av infertilitet (barnløyse).

Pasientar som under utgreiing eller behandling blir rekna for å kunne ha nytte av prosedyren blir tilviste internt i avdelinga. Prosedyren blir utført på Fertilitetssenteret.

Før hysteroskopi

Hysteroskopi er ei undersøking/prosedyre for å greie ut og behandle tilstandar i livmora ved hjelp av eit lite endoskopisk kamera (hysteroskop). Ved hysteroskopi blir innsida av livmorhòla og livmorslimhinna undersøkt, ved å føre eit tynt kamera  gjennom skjeden og vidare inn i livmorhòla.

Under prosedyren kan ein diagnostisere problemstillingar inne i livmorhòla. I fleire tilfelle kan ein samtidig direkte gå vidare med å utføre tiltenkt behandling eller ta vevsprøver. Under prosedyren kan det vere behov for å byte til eit meir allsidig kamerainstrument med noko større diameter.

Prosedyren blir utført poliklinisk og tar ca. 10-30 minutt, litt avhengig av kva som skal utførast. 

Førebuingar

  • For å minske ubehag og smerter under prosedyren, skal du ta 400 mg Ibux og 2 g paracet 1-2 timar i forkant. Begge er reseptfrie medisinar.
  • Det er viktig at vi avkreftar at du er gravid før inngrepet. Ta ein graviditetstest på morgonen same dagen som inngrepet.
  • Du treng ikkje å faste før prosedyren, du kan ete og drikke som normalt.
  • Det kan vere nødvendig med ekstra smertestillande under prosedyren. I så tilfelle kan du ikkje køyre bil etterpå.
  • Om mogleg planlegg vi undersøkinga til dei to første vekene i menstruasjonssyklusen for å oppnå beste vilkår for undersøkinga (syklusen begynner ved første blødingsdag). Menstruasjonsbløding er ikkje eit hinder for å få utført prosedyren, men kraftig bløding kan vere ei ulempe ved undersøkinga.

Under hysteroskopi

Du vil vere vaken under prosedyren, og den blir utført i gynekologisk undersøkingsleie.

Det vil vere ein sjukepleiar hos deg under heile prosedyren og du vil få forklaring på kva som skjer undervegs. Det er svært individuelt korleis prosedyren opplevast, og det er derfor viktig at vi kommuniserer godt gjennom undersøkinga. Smerter undervegs er ofte knytt til ein spesiell fase i prosedyren og dei er som regel kortvarige. Vi ønskjer at du seier i frå til oss dersom du opplever store smerter, slik at vi kan gi deg adekvat smertelindring.

Når hysteroskopet blir ført inn i skjeden og vidare i livmora, vil det renne inn lunkent vatn frå instrumentet. Vatnet blir brukt for å få god sikt, og du vil kjenne at det renn ut igjen av skjeden. Sjølve undersøkinga tar vanlegvis 10-30 minutt, men viss ein skal fjerne polyppar/ myom eller liknande kan det ta noko lengre tid.

Anatomisk tverrsnitt viser hysteroskop ført inn i livmor

Foto: By BruceBlaus - Own work, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=44969115

Anatomisk illustrasjon av hysteroskopisk undersøkelse

 

Etter hysteroskopi

Etter prosedyren kan du reise heim.

  • Det er vanleg å oppleve menstruasjonsliknande smerter. Reseptfrie medikament er vanlegvis nok for å lindre dette. 
  • Det er vanleg med bløding eller brunleg utflod etter prosedyren. Så lenge blødinga går føre seg skal du ikkje bade, ha samleie eller bruke tampong (bruk bind i staden).
  • Det er vanlegvis ikkje behov for sjukmelding etter prosedyren.

 

Moglege komplikasjonar av prosedyren:

  • Svimmelhet/ kvalme
  • Vaginalblødning
  • Infeksjon
  • Skade/perforasjon i livmora (svært sjeldan ved polikliniske prosedyrar)

Ver merksam

Ved mistanke om unormalt forløp etter prosedyren (sterke smerter, stor bløding, feber, illeluktande utflod), ber vi deg kontakte avdelinga via dialogmelding på Helsenorge.no eller på telefon 55 97 42 00

Sist faglig oppdatert 18.02.2025

Kontakt

Marie Joys' hus Fertilitetssenteret

Kontakt Fertilitetssenteret
En moderne murbygning

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen

Praktisk informasjon

Fertilitetssenteret​ har gått over til å bruke dialogmeldingar som kommunikasjonsform med pasientar.

Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

Meldingen vil besvares så snart som mulig, som oftest innen påfølgende arbeidsdag. Hvis det haster bør du ta kontakt per telefon 55 97 42 00.

Dersom du ikke er pasient hos oss eller ikke finner oss under «helsekontakter», må du kontakte oss på telefon 55 97 42 00.

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling