Har du problem med å gape, har lause tenner og/eller stiv nakke er det viktig at du seier frå om dette til anestesipersonellet når du kjem på sjukehuset. Du vil også bli spurd om dette.
Det er viktig at du fastar før narkose. Dersom du ikkje har fasta kan det sive mageinnhald og/eller magesyre ned i luftrøyret (aspirasjon) før vi rekk å få tuben på plass. Om du får mageinnhald ned i lungene, får du ein «kjemisk lungebetennelse» som kan vere svært alvorleg. I nokre tilfelle, spesielt ved akutthjelp, er det ikkje mogleg å vere fastande, og da blir fordelar vegne opp mot risiko.Intubasjon
Ved intubasjon får du eit plastrøyr (tube) ned i luftrøyret for å hjelpe deg med å puste, enten fordi du skal ha narkose eller fordi du er så sjuk at du ikkje klarer å puste godt nok sjølv. Tuben blir ført inn gjennom munn eller nase slik at den eine opninga stikk eit stykke ned i luftrøyret til kroppen, mens den andre ytre opninga stikk ut og kan koplast til ein respirator (pustemaskin).
Intubasjon kan utførast på mange ulike måtar, men som regel gjer vi det etter at du har fått narkose, eller etter at du har blitt bevisstlaus på grunn av alvorleg sjukdom eller skade, og pustefunksjonen er utilstrekkeleg. Ved å intubere, sikrar vi fri luftpassasje til lungene, og hindrar samtidig at blod, slim, mageinnhald kan komme ned i lungene.
Alternative måtar å utføre intubasjon på er såkalla vaken intubasjon, der vi bruker eit fiberoptisk instrument eller videolaryngoskop. Da får du berre lokalbedøving og lett narkose. Dette er tryggast i situasjonar der anatomien er sterkt avvikande og vi ikkje kan sjå stemmespalta med eit vanleg laryngoskop.
I tillegg til intubering finst også andre måtar å sikre luftvegane på og hjelpe deg å puste, som larynksmaske og intubasjonslarynksmaske.