Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Invasiv ventilasjon

Invasiv ventilasjon er respiratorbehandling tilslutta trakeostomi. Trakeostomi er eit inngrep der det blir laga eit hol på halsen inn i luftrøyret slik at du kan trekke pusten mellombels utanom strupehovudet. Vi gjer dette når det er behov for mekanisk pustestøtte størstedelen av døgnet.

Tilvising og vurdering

Du vil bli tilvist til lungemedisinsk utgreiing av enten fastlege eller den avdelinga på sjukehuset du er tilknytt.

Standard tilvising til spesialist (lungelege) med kompetanse i LTMV skal innehalde:

  • Diagnose  
  • Spirometri (VC < 60 %)  
  • Anamnese: symptom på hypoventilasjon (dyspné, dagtrøyttleik, dårleg søvnkvalitet, (morgon)hovudverk, residiverande nedre luftvegsinfeksjonar)  
  • Kognitiv funksjon. Forstår pasienten kva LTMV inneber?   
  • Pasientens (og pårørandes) ønsker i forhold til LTMV  
  • Vil pasienten sjølv kunne administrere BiPAP/respirator med masketilslutning  
  • Heimeforhold / nettverk / heimesjukepleie

 

Før

Under

Etter

Ver merksam

Respirator knytte til trakeostomi kan vere eit behandlingsval når det er behov for mekanisk pustestøtte største delen av døgnet. Det er viktig at du er klar over kva for nokre praktiske fordelar og ulemper det kan medføre å ha ein trakealtube, før denne blir innlagd.

Fordelen er at du har full kontroll over respirasjonen og at du har tilgang til reingjering og trakealsuging. Ulempa er auka infeksjonsrisiko, eventuelt tale- og etevanskar, i tillegg at det trengst mykje utstyr og hjelp. Dersom du er avhengig av respiratoren heile døgnet for å puste, skal det vere ein person tilgjengeleg saman med deg heile døgnet.