Behandling
Kognitiv terapi hos barn og unge, nynorsk
Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelser og handlingar påverkar kvarandre. Fokuset i denne behandlingsmetoden er at terapeuten og pasienten ser nærare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenkje om og møte problema på. Forsking har dokumentert at kognitiv terapi har hjelpt mange til å få kontroll over problema sine.
Kognitiv terapi er ein behandlingsmetode der terapeuten har fokus på å jobbe med tankane til deg som pasient, derav ordet kognisjon som betyr tenking. Identifisering av negative automatiske tankar knytt til konkrete situasjonar er sentralt, og terapeuten prøver å få deg til å sjå samanhengen mellom tankar, følelser og handling. Det å forstå korleis ein tenkjer omkring og førestille seg ei hending blir viktig, og korleis den negative tenkinga kan løyse ut vonde følelsar som igjen kan påverke handling på ein negativ måte.
Å oppleve ein situasjon der noko ikkje gjekk bra blir hos mange forklart med tanken om at "eg er dum". Det blir også kalla negativ sjølvattribusjon, og ein vil prøve å finne alternative tankar som kan erstatte den negative, eller se på korleis du forhaldar deg til tankane. Det handlar i bunn og grunn om å få hjelp til å finne alternative måtar å tenkje, føle og handle på, ettersom ein saman ser nærare på det logiske grunnlaget for at du tenkjer slik han/ho gjer.
Det er ulike kognitive metodar som høyrer til denne tilnærminga; kognitiv atferdsterapi, metakognitiv terapi og ACT (accept and commitment therapy).
Før
Det er eit krav om at ein i spesialisthelsetenesta skal nytte evidensbaserte metodar. Det er behandling basert på kunnskap om kva som virker og ikkje virker. Innan fagområdet for behandling av moderate til alvorlege psykiske lidingar, er det ikkje alltid at vi har behandlingsformar som vi har nok forskingsmessig grunnlag til å fastslå at er verksamme, og der ein forsatt på nokre område må ty til tiltak som vi erfaringssmessig veit at virker for mange. Kognitiv terapi har vist seg å vera ein virksom behandling ved både psykiske og kroppslege (somatiske) sjukdommar/plager.
Det kan vere lurt å tenkje gjennom kva du ønskjer behandling for, og allereie når du søkjer hit startar å tenkje over mål for behandlinga. Klarer du å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.
Under
I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir einig om mål for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp, og det finst mange ulike behandlingsstrategiar.
I kognitiv terapi er det svært vanleg å få heimeoppgåver mellom behandlingstimane. Pasienten sitt arbeid mellom timane blir sett på som ein viktig faktor for å få betring. Informasjon om tilstanden (psykoedukasjon) og innsikt i korleis plagene heng saman er også eit viktig element som gjer det lettare å kunne endre sine tanke- og åtferdsmønster.
Etter
Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema på slutten av ein terapi.
Kontakt
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Oppmøtestad
Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar.
Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.