Navlebrokk

Navlebrokk er ei svakheit i bukveggen som fører til ei utposing frå navlen. Navlebrokk er vanlegast hos barn, og i dei fleste tilfelle går det tilbake av seg sjølv. Dersom brokket ikkje er gått tilbake innan seksårsalderen, kan vi vurdere operasjon – også av kosmetiske grunnar. Vaksne som får navlebrokk kan prøve å presse tilbake utbukinga ved å trykkje lett på han, men det kan komme tilbake.

Navlebrokk er ofte utan symptom og treng då inga behandling. Dersom det gir ubehag, kan det vere aktuelt å operere.

Brokket kan også setje seg fast, og gi akutte, sterke smerter. Ved slike sterke smerter bør du kontakte lege så snart som mogleg. Det kan vere at brokket inneheld tarm som blir inneklemd.

Tilvising og vurdering

Både barn og vaksne kan bli tilviste av fastlegen til vurdering av planlagd operasjon.

Sjekkliste for tilvising:    

  • God klinisk undersøking og skildring av brokket
  • Eventuelle tidlegare sjukdommar

Før

Diagnosen kan ofte bli stilt med ei god klinisk undersøking. Barn og vaksne blir undersøkte av kirurg på poliklinikk, og får deretter ei tilråding om behandling.

Kirurgen vil på førehand informere om risiko kring operasjonen. Ved alle brokkoperasjonar er det risiko for betennelse i såret, bløding, smerte, og residiv (det vil seie at brokket kjem tilbake).

Operasjon av navlebrokk kan bli utført utan innlegging på sjukehus. Du møter fastande om morgonen og kan reise heim nokre timar etter operasjonen. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagde både før og etter operasjonen.

Førebuing til operasjon

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.

  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Er piercingane vanskelege å fjerne, kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem.
  • Briller og høyreapparat kan du ha på.

Før operasjonen blir du teken imot av sjukepleiar, og du får samtale med kirurg og anestesilege.

Under

Open brokkplastikk

Vi lagar eit lite snitt over utposinga, dyttar den tilbake og syr svakheita i bukveggen slik at det ikkje oppstår navlebrokk på nytt. Denne metoden er best eigna hos barn og hos vaksne med små brokk.

Operasjonen blir gjord i narkose, og varer cirka 30 minutt.

Brokkplastikk med nett

Ved større navlebrokk tilrår vi ofte lapraskopisk (kikhòls-) teknikk med innlegging av nett. Operasjonen blir utført i narkose og varer rundt 1 time. Dersom det er eit svært stort navlebrokk kan vi gjere inngrepet med open teknikk. Då forsterkar vi defekten med nett.


 

Etter

Etter operasjonen blir du på oppvakningsavdelinga til du vaknar. Så får du litt mat og drikke. Du kan forvente å reise heim etter 2-4 timar. Du må ha tissa før heimreise.

Før du reiser heim får du munnleg og skriftleg informasjon. Du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskiner første døgnet etter operasjonen. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport.

Du får sjukmelding før du reiser heim. Lengda på sjukmeldinga blir vurdert individuelt. Det avheng av kva du jobbar med.

Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i cirka 4-6 veker. Vi tilrår at du startar med lett fysisk aktivitet så snart som mogleg etter operasjonen. Stinga vil løyse seg opp av seg sjølve.

Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon. Ta kontakt med lege dersom det er teikn på betennelse i brokksåret.

Ver merksam

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.