Ei augelaserbehandling fordampar mikrometerstore bitar av hornhinnevevet, opptil 750 gonger per sekund, og dermed blir brytninga forandra i hornhinna med svært stor presisjon. Laseren har ein innebygd mekanisme som følger dei mikroskopiske rørslene til auget under behandlinga. Dette gjer at laserstrålane treffer akkurat der vi ønsker, sjølv om du rører på auget.
Kor godt resultatet blir synsmessig, og over tid, avheng av fleire faktorar – nøyaktigheita på forundersøkinga, planlegginga av operasjonen, individuelle variasjonar i hornhinnevevet og tilhelingsprosessen etter operasjonen.
Behandlinga er rekna som effektiv og trygg, men har, som alle andre kirurgiske inngrep, moglegheit for komplikasjonar – infeksjon i operasjonssåra, tilhelingsprosessen i hornhinna kan avvike frå forventa forløp, eller vi kan ende opp med eit brytningsresultat noko ulikt frå forventa. Forventa resultat og antatt komplikasjonsrisiko i kvart enkelt tilfelle vil bli diskutert med deg på forundersøkinga.
Tilvising og vurdering
Sjukehuset utfører i hovudsak laserbehandling av pasientar med hornhinnesjukdom eller augeskadar, eller etter kirurgi, som for eksempel hornhinnetransplantasjonar. Augelegar i avtalepraksis kan også stundom tilvise pasientar som står i fare for å miste jobben, sertifikat og liknande fordi dei ikkje fyller spesifikke synskrav, sjølv om dei har friske/uskadde auge utover sin brytningsfeil.