Excimerlaser

Augelaseroperasjon

Hornhinna er den fremste, gjennomsiktige delen av augeveggen, og står for 2/3 av den totale brytninga til auget. For høg krumming gir nærsyntheit, for flat krumming gir langsyntheit. Såkalla «skeive hornhinner» betyr at hornhinna ikkje er jamt rund, men har form som ein «halv rugbyball». Laserbehandling er ein av fleire moglege teknikkar for å endre hornhinnekrumminga.

Ei augelaserbehandling fordampar mikrometerstore bitar av hornhinnevevet, opptil 750 gonger per sekund, og dermed blir brytninga  forandra i hornhinna med svært stor presisjon. Laseren har ein innebygd mekanisme som følger dei mikroskopiske rørslene til auget under behandlinga. Dette gjer at laserstrålane treffer akkurat der vi ønsker, sjølv om du rører på auget.

Kor godt resultatet blir synsmessig, og over tid, avheng av fleire faktorar – nøyaktigheita på forundersøkinga, planlegginga av operasjonen, individuelle variasjonar i hornhinnevevet og tilhelingsprosessen etter operasjonen.

Behandlinga er rekna som effektiv og trygg, men har, som alle andre kirurgiske inngrep, moglegheit for komplikasjonar – infeksjon i operasjonssåra, tilhelingsprosessen i hornhinna kan avvike frå forventa forløp, eller vi kan ende opp med eit brytningsresultat noko ulikt frå forventa. Forventa resultat og antatt komplikasjonsrisiko i kvart enkelt tilfelle vil bli diskutert med deg på forundersøkinga.  

Tilvising og vurdering

Sjukehuset utfører i hovudsak laserbehandling av pasientar med hornhinnesjukdom eller augeskadar, eller etter kirurgi, som for eksempel hornhinnetransplantasjonar. Augelegar i avtalepraksis kan også stundom tilvise pasientar som står i fare for å miste jobben, sertifikat og liknande fordi dei ikkje fyller spesifikke synskrav, sjølv om dei har friske/uskadde auge utover sin brytningsfeil.

Før

  • Ta 1000 mg C-vitamin per dag. Start med dette 1 veke før behandlinga og fortsett 2 veker etter. Dette er vist å kunne verke positivt på tilhelingen.
  • Ta også Omega-3-tilskot – minst i same periode. Fortsett så lenge du vil.
  • Hugs å hente ut avtalte medisinar frå apoteket før du møter til behandling.
  • Ta eventuelt eigne medisinar som vanleg.

Du må ikkje nytte

  • harde kontaktlinser siste 2 veker før behandlinga.
  • mjuke kontaktlinser siste veke før behandlinga.
  • sminke eitt døgn før behandlinga.

  • Dersom forundersøkinga er på operasjonsdagen, må du rekne at du må vente litt. Dette fordi det tar tid å gå gjennom målingane og planlegge operasjonen.
  • Du får beskjed om å møte på dagposten vår cirka 30 minutt før operasjonen. Her vil du få roande og smertestillande tablettar.
  • Sjukepleiar vaskar rundt det aktuelle auget og bedøver med dropar.

Under

Sjølve laseroperasjonen tar berre nokre få sekund, men det tar litt tid å stille inn laseren og klargjere auget.

Du får på ei augelokksperre som gjer at du ikkje klarer å blunke under laseroperasjonen. Laseren lagar ein del lydar. Dette er normalt.

Under laserbehandlinga vil du kjenne ei lukt som kan likne lukta av svidd hår. Dette er normalt.

Til slutt i behandlinga legg vi på ei kontaktlinse/bandasjelinse. Denne skal du ha på den første veka, deretter tar vi henne av.

Etter

Operasjonsdagen vil du sjå tåkete og kjenne at auget er irritert med ein del tåreflod. Avhengig av tilstanden din, og kva operasjon som er gjennomført, bør du vere førebudd på at du ikkje kan køyre bil heim behandlingsdagen. Du får snakke med legen på forundersøkinga og på kontrollar om når du kan forvente at synet blir bra nok til å køyre bil igjen.

Dei første 3–4 dagane etter operasjonen skal du drype auga hyppig med augedropar. Synet blir betre i dei etterfølgande dagar eller vekene.

 

Etterkontrollane blir gjorde på poliklinikken.

  • Kontroll med kontaktlinsefjerning om ei veke – før om behov.
  • Om du har lang reiseveg, kan dette eventuelt gjerast på heimstaden.
  • Vanlegvis blir det også minst 1 etterkontroll nokre veker seinare.

  • dusjvatn/såpe og svømmehall til kontaktlinse/bandasjelinse er fjerna. Den blir fjerna etter 1 veke.
  • kontaktsport, slag/støyt, fysiske anstrengingar og støv/smitte fram til du har vore på kontroll.

Ver merksam

Ved aukande smerter etter dei første dagane, ta kontakt!