Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Posttraumatisk stressliding, barn og ungdom

Posttraumatisk stressliding (PTSD) er ei forseinka eller langvarig stressliding på ei belastande hending eller situasjon av usedvanleg truande eller katastrofal art. Hendinga vil sannsynlegvis framkalle sterkt ubehag hos dei fleste.

Posttraumatisk stresslidelse (PTSD) kan ramme mennesker som har vært involvert i eller vært vitne til en eller flere livstruende eller svært traumatiske hendelser. Det finnes behandling for PTSD.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Personar med PTSD gjenopplever gjerne den traumatiske hendinga om og om igjen (for eksempel  via påtrengande minne, draumar, mareritt) og/eller dei viser sterkt ubehag når dei blir påminnet hendinga. Vidare unngår dei det som minner om hendinga (t.d. tankar, kjensler, aktivitetar, situasjonar og ting).

Nokon har problem med å hugse alt eller delar av det hendinga, og/eller er dei meir sensitive og aktiverte enn dei var før hendinga (for eksempel søvnvanskar, irritabilitet/sinneutbrot, konsentrasjonsvanskar, vaktsamheit, meir lettskremt). Angst og depresjon er ofte knytt til symptom og teikn på PTSD, og det er ikkje uvanleg med sjølvmordstankar. Tilstanden kan vere langvarig, men det finst effektiv behandling.

Posttraumatiske stressymptom (PTSS)

Det er normalt at barn og unge får reaksjonar i etterkant av svært truande eller katastrofale hendingar, som sannsynlegvis ville framkalla eit sterkt ubehag hos dei fleste menneske. Ofte går desse reaksjonane over av seg sjølve, men når dei varer lenge etter at hendinga er over, blir dei kalla for posttraumatiske stressymptom (PTSS).

Barn og unge kan utsettast for éin eller fleire former for potensielt traumatiske hendingar som kan leie til posttraumatiske stressymptom, som kan vere enkeltståande eller gjentakande.

Eksempel på slike hendingar er:

  • krig og flukt
  • alvorlege ulykker og naturkatastrofar
  • mobbing
  • medisinske inngrep
  • brått dødsfall
  • hundebit
  • sjølv bli utsett for eller vere vitne til fysisk/psykisk/seksuell vald
  • trakassering online
  • andre situasjonar som blir svært opplevde skremmande eller livstruande

Eksempel på endringar etter potensielt traumatiske hendingar som kan vere posttraumatiske stressymptom:

  • Du gjenopplever hendinga når noko minner deg om det som har skjedd
  • Du har mareritt om det som har hendt
  • Du unngår å tenke på hendinga eller unngår stader som minner om denne
  • Du opplevd negative endringar i tankane eller kjenslene dine
  • Du er meir sint og irritabel
  • Du kjenner skuld eller skam over det som har hendt
  • Du kjenner deg redusert, nedkjempa eller verdilaus
  • Du har vanskar med å vere i kontakt med kjenslene dine, for eksempel kjenne på glede
  • Du søv dårleg eller kjenner deg uroleg
  • Du er meir på vakt, skvetten eller meir mistenksam
  • Du opplever vanskar i relasjon til andre på ein annleis måte
  • Du opplever episodar der du ikkje er heilt til stades eller ikkje får med deg det som skjer

Barn eller ungdommar som får slike stressreaksjonar kan i tillegg slite med angst og/eller depresjon.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, for eksempel til bildeundersøkingar (MR, CT eller røntgen).

Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.