Ditt første besøk vil normalt skje cirka 1–2 veker før oppstart av protonbehandlinga. Du må sette av 1–2 heile dagar til dette besøket. Vi anbefaler at du har med ein pårørande/fortruleg desse dagane. Avtale om ein pårørande får dekt utgifter til reise og opphald blir vurdert av lege, og må vere medisinsk grunngitt. Under ditt første besøk hos oss skal du til:
- Samtale med lege
Vi informerer om behandlinga og moglege biverknader, varigheit og eventuell anna kreftbehandling. Vi oppfordrar deg til å stille spørsmål. Hugseliste når du skal snakke med legen – Kreftforeningen
- Fiksering
Her finn vi ut korleis du skal ligge under behandlinga, og kva hjelpemiddel vi skal bruke slik at du ligg likt alle behandlingane.
- CT og eventuelt MR- eller PET-skanning
Dette er nødvendig for planlegginga av korleis strålebehandlinga skal givast.
Fiksering
Under strålebehandling er det viktig at du ligg heilt i ro og på nøyaktig same måte kvar gong. Det krev nokre førebuingar som vi kallar fiksering.
Om du skal behandlast mot hovudet eller halsen lagar vi ei behandlingsmaske som passar nøyaktig til ansiktet ditt. For pasientar med skjegg kan det vere aktuelt å fjerne dette. Når maska blir laga, blir det lagt eit nett ned over ansiktet ditt. Nettingen kjennest mjuk og varm. Etter kort tid stivnar ho, og maska er dermed forma nøyaktig til deg. Det er hol i maska så du kan lett puste. Du skal bruke maska under skanningar og strålebehandling.
Ved behandling andre stader på kroppen bruker vi anna utstyr som hjelper deg med å ligge på nøyaktig same måte ved kvar behandling. Sjølve strålinga varer i 5–10 minutt, men med førebuingar kan vere aktuelt å vere i behandlingsrommet i 30–50 minutt, der du må ligge heilt i ro på behandlingsbenken.
Skanningar
For å lage ein behandlingsplan til deg bruker vi ulike skanningar for å ta bilde av kroppen din. Ved hjelp av eit avansert dataprogram lagar vi ein behandlingsplan som er tilpassa deg og kreftsjukdommen din.
CT-skanning
Ei CT-skanning er ei avansert røntgenundersøking. Denne blir i dette tilfellet ikkje brukt til diagnostikk, men for å lage ein behandlingsplan som er individuelt tilpassa deg. Med CT-skanninga kan vi berekne stråledosen til området som skal bestrålast.
Under CT-skanninga ligg du på ein benk som blir køyrd gjennom ei vid opning i skannaren mens bilde blir tatte. Under skanninga skal du ligge akkurat på same måte som under strålebehandlinga. Om du har fått laga ei behandlingsmaske skal du ha den på under skanninga. Det er viktig at du klarer å ligge heilt i ro. Har du smerter, anbefaler vi at du tar smertestillande i forkant.
Dersom du skal ha strålebehandling mot hovudet er det ein fordel at du unngår hårprodukt, som hårvoks, før CT-skanninga di. Det kan få konsekvensar for nøyaktigheita av stråleplanen din.
I nokre tilfelle vil kontrastvæske vere nødvendig.
Informasjon og CT-skanning varer i 30–50 minutt.
MR-skanning
Ein MR er ei skanning med ein sterk magnet. Vi kan ofte sjå det sjuke området betre på ei MR-skanning enn ved ei CT-skanning, men ikkje alle vil ha behov for MR.
Ved skanninga ligg du på ein benk som blir køyrd inn i ein røyrforma magnet som er open i begge endar og utstyrt med lys. MR-skannaren lagar høge bankelydar, du skal derfor ligge med øyreproppar og eit høyrselsvern, eventuelt med musikk.
Før skanninga skal du fjerne lause metallgjenstandar som klokke, smykke og belte. Om du har pacemaker, øreimplantat eller anna metall operert inn i kroppen, skal du gi beskjed om dette til personalet.
Du blir ytterlegare informert om sikkerheita ved MR-skanning når du møter i avdelinga.
I nokre tilfelle er det nødvendig å gi deg ei kontrastvæske i ei blodåre.
Informasjon og skanning varer i cirka 1 time.