Undersøking, Røntgen thorax

Røntgen av lungene

Røntgen thorax er røntgenbilete av lungene, hjartet, ribbein, hovudpulsåra og midtre del av brystet (mediastinum).

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Før

Før undersøkinga blir ein bedt om å kle av seg på overkroppen og fjerne smykke. Du må ta av deg BH-en, men kan eventuelt ha på ei tettsittande trøye utan mønster, pynt, markerte saumar eller knappar. Dersom du har langt hår må det settast opp/samlast på hovudet.

Under

Som regel vert det tatt to bilete, fortrinnsvis ståande. Du blir bedt om å puste djupt og halde pusten inne medan bilete blir tatt. Ein må stå heilt stille. Enkelte problemstillingar gjer det nødvendig å ta tilleggsbilete.

Undersøkinga tek nokre minutt og er heilt smertefri.

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport om kva bileta viser.